500 på fest for Førdefjorden

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det var Natur og Ungdom, Naturvernforbundet og Vevring og Førdefjorden miljøgruppe som sto bak markeringa – ein folkefest for Førdefjorden som samla lokalbefolkninga, politikarar og musikarar for å nyta frukter frå fjorden, markera motstanden mot utbygginga av eit sjødeponi i fjorden, og å forsvara avgjersla som er tatt. Politikarar frå heile det politiske spekteret var samla – og over 500 var i publikum, fortel Natur og Ungdom (NU) i ei pressemelding.

– Det har vore ein heilt fantastisk dag, og me er strålande nøgd med oppmøtet. Eg kan ikkje skjønna noko anna enn at denne folkefesten og mobiliseringa i dag sender eit kraftig signal til om at me er mange som står saman for ein framleis rein fjord, seier leiar i Natur og Ungdom, Arnstein Vestre, i ei pressemelding.

LES OGSÅ: Grøne parti vil gjera gruveslam til stemmeagn

Motstand
Dei som hadde møtt opp var – ikkje overraskande – for det meste imot gruvedrift og dumping av avfall i Førdefjorden.

Politikarane som støttar opp om vedtaket om gruvedrift, fekk derfor køyrt seg, skriv NRK Sogn og Fjordane. Fylkesleiar for Arbeidarpartiet i Sogn og Fjordane, Hilmar Høl, seier til NRK at han tykte motstanden var tydeleg.

– Men eg synest det er heilt greitt. Folk må ha lov til å ha sine meiningar i så viktige saker, og at dei gjer til kjenne sitt syn er bra for dei. Det er klart vi må tole å høyre kor vi står når vi er for, sa Hilmar Høl.

NU-leiar Arnstein Vestre leia debatten mellom politikarane, og meiner politikarane som er for gruvedrifta har mykje å svara for. No ser han fram mot valet til  hausten.

– Når Arbeidarpartiet vår seg til å sei at "det gruveavfallet som er under vatn, ser me jo ikkje", viser det den mangelen på kunnskap om kva konsekvensar dette har for fjorden. Lokalvalet til hausten handlar om å gi ei stemme til framtida til Førdefjorden, sa Vestre.

Hilmar Høl (Ap) var ein av politikarane som fekk køyrt seg i helga, då vedtaket om sjødeponi i Førdefjorden skulle forsvarast. Men det tykte i alle fall Høl var heilt greitt. Foto: Natur og Ungdom

LES OGSÅ: Lukka er ein flekk med jord

Framleis mogleg å stoppa
Venstre-leiar Trine Skei Grande var også med i debatten – ein politikar som ikkje har lagt skjul på motstanden sin mot gruva i Naustdal.

Ho sa til NRK Sogn og Fjordane at ho framleis ser mange sjansar til å stoppa sjødeponiet.

– No ser me at dei ikkje har fullverdig godkjenning til utsleppa som dei faktisk må ha. Me ser at EU-systemet kan brukast, med vassdirektivet og andre lovnader Noreg har gått med på at me skal jobba med. Og me ser at gjennom kommunestyra som skal regulera dette og setje krav til det, så kan vi sørgje for at dei grøne kreftene får gjennomslag, sa Skei Grande til NRK Sogn og Fjordane.

Utanom Hilmar Høl (Ap) og Trine Skei Grande (V) var Audun Lysbakken (SV), Rasmus Hansson (MDG), Bjørn Lødemel (H), Jenny Følling (Sp), Tore Storehaug (KrF), Ingunn Kandal (Raudt) og Frank Willy Djuvik (FrP) med på debatten.

LES OGSÅ: Internasjonale klimapilotar

Markeringa var meir enn ein debatt mellom politikarar. Det vart servert mykje lokal mat, og på scena sto mellom anna Hjerteslag og Einar Stray Orchestra.

Hjerteslag gjekk tidlegare denne veka ut og markerte sitt standpunkt i debatten.

– Me ville støtta engasjerte ungdommar sin kamp for miljøet. Om me kan bidra med god stemning på sommartreffet, så blir det ein fest for oss òg, skreiv Robert Eidevik i Hjerteslag i ei ytring hos NRK om kvifor Hjerteslag ville spela for Førdefjorden i utgangspunktet.

Så tok dei eit djupare dykk i saka, skriv artisten vidare. Det kan du lesa hos NRK Ytring.