Grøne parti vil gjere gruveslam til stemmeagn
Venstre, Dei Grøne og SV samlast til felles miljøkamp mot det planlagte gruvedeponiet i Førdefjorden. Håpet er å få gruvemotstandarane i fleirtal i lokale kommunestyre.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Dette er ei av dei viktigaste miljøsakene vi har ved sida av klimakampen. Ein skal aldri, aldri, aldri gje seg i så viktige saker, seier Venstre-leiar Trine Skei Grande til NTB.
Laurdag deltek ho på Natur og Ungdoms sommarleir i Vevring ved Førdefjorden. Det gjer også Audun Lysbakken frå SV og Rasmus Hansson frå Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) .
– Det er inga gruve der i dag, og det har vi ikkje tenkt at det skal bli. Vi vil sparke i gang ein valkamp der gruvedumping blir ei av dei viktigaste sakene, seier Hansson.
LES OGSÅ: – Kan bli ein langvarig strid
Eit verdival
Også Lysbakken ser kommunevalet som ei moglegheit til å vinne det han ser på som ei av dei største miljøsakene framover.
– Dette er eit viktig verdival for oss som samfunn: Klarer vi å sjå verdien av andre ting enn pengar, eller skal interessene til eit selskap i Oslo alltid gå framfor omsynet til miljøet og lokalbefolkninga i distrikta, seier han.
– Dette løpet er ikkje køyrt på nokon måte, det er mange ting som står att før gruvedrifta kan setjast i gang, påpeiker SV-leiaren.
LES OGSÅ: Manglar eitt utsleppsløyve i Førdefjorden
Stor motstand
På Stortinget møtte gruvemotstandarane veggen før sommaren. Arbeidarpartiet bestemte seg for å støtte regjeringas ja til prosjektet. Nordic Mining kan difor gå vidare med planane om å grave fram mineralet rutil frå Engebøfjellet i Naustdal kommune. Avfallet skal dumpast på botnen av Førdefjorden, utanfor den vesle bygda Vevring.
Kommunestyra i Naustdal og Askvoll har støtta utbygginga, men i bygda Vevring er motstanden stor, og med seg har dei fått turistnæring, oppdrettsnæring og fiskerinæring. Dei fryktar konsekvensane av open gruvedrift på fjellet og eit deponi som vil leggje eit over fire kvadratkilometer stort område på fjordbotnen aude. Ulike fagmiljø er ueinige om forureiningsfaren.
Men regjeringa og Arbeidarpartiet meiner dei lova inntektene og arbeidsplassane er viktigare enn skadane på miljøet.
LES OGSÅ: Dei spelar gratis for Førdefjorden
Gruveselskapet Nordic Mining manglar løyve til utslepp av eitt av prosesskjemikalia dei har tenkt å bruke mest av. 250 miljøvernarar aksjonerer denne veka mot dei planlagte utsleppa til Nordic Mining i Førdefjorden.
– Papirjobbar
Rasmus Hansson hevdar at det langt frå er sikkert at fordelane for samfunnet vil bli så store.
– Nordic Mining eig ikkje ein spade. Dette er eit papirposjekt, med papirtal og papirjobbar, seier han.
Først når selskapet no skal konkretisere planane vil ein få vite kor mange arbeidsplassar som blir skapt, påpeiker han, og seier det like gjerne kan bli skiftarbeid med utanlandske arbeidstakarar.
Venstre-leiaren meiner å merke at fleire no begynner å få auga opp for kva planane inneber.
– Eg trur at folk har eit meir langsiktig syn på lokalmiljøet sitt, seier Grande
Ho meiner saka vil mobilisere befolkninga og viser til meldingar om at folk melder flytting tilbake til Naustdal for å bruke stemma si mot prosjektet.
LES OGSÅ: Tapte omkamp om Førdefjorden
– Slår sprekkar
Også i Høgre og Arbeidarpartiet lokalt rundt Førdefjorden finn dei grøne partia meiningsfeller i denne saka.
– Vi ser at støtta til fjorddeponiet slår sprekkar, og dette er noko av det som gir håp om å vinne denne kampen lokalt, seier Lysbakken.
I Førde støtta både Arbeidarpartiet og ein av Høgre-representantane i formannskapet avgjerda om å klage saka inn for overvakingsorganet ESA. Spørsmålet er om fjorddeponiet kan vere brot på EUs vassdirektiv.
Dette er berre eitt av fleire forsøk på å stanse planane. Regjeringas ja er også klaga inn for Kongen i statsråd.