Staten ankar Førdefjorden-saka til Høgsterett
– Me ankar dommen fordi det er prinsipielt viktig med ei tydeleg avklaring, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.

Etter nederlaget i Borgarting lagmannsrett der det vart slått fast at dumping av gruveavfall i Førdefjorden er ulovleg, har staten bestemt seg for å anka.
– Vassforskrifta legg føringar for mange ulike saker. Me ankar dommen fordi det er prinsipielt viktig med ei tydeleg avklaring frå Høgsterett i denne saka, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen i ei pressemelding.
Miljøorganisasjonane nedla påstand om at løyva regjeringa gav til dumping av gruveavfall frå 2016 og driftsløyvet frå 2022 er ugyldige, noko lagmannsretten var samd i.