Frå 2013 til 2014 gjekk delen utlendingar blant uteksaminerte doktorgradskandidatar i Noreg ned frå 36 til 35 prosent.

Totalt vart det avlagt 1448 doktorgradar i Noreg i 2014. Det ein reduksjon på fem prosent frå dei 1524 året før. Det skriv Senter for internasjonalisering av utdanning i ein artikkel på forskning.no.

– Ei årsak til at vi har hatt så mange utanlandske doktorgradskandidatar dei siste åra, er at Noreg er eit svært attraktivt land med gode vilkår for doktorgradskandidatar, seier seniorrådgjevar Arne Haugen ved Senter for internasjonalisering av utdanning (SIU).

LES OGSÅ:Gode karakterar gir betre løn

Spennande med olja
Dei skriv at det er innan fagområde på institusjonane som allereie har ein høg del av utanlandske statsborgarar, at veksten har vore sterkast.

– Det vert interessant å følgja utviklinga vidare og sjå korleis dei endringane vi ser i arbeidsmarknaden, særleg innan oljebransjen, påverkar rekruttering til utdanning og forsking, seier han.

Rapporten viser at dei fleste utanlandske doktorgradskandidatane i Noreg kjem frå Europa og Asia.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.03

Kommentarar

ANNONSE