Byplanlegging signert byens lause fuglar

Ida Bergitte Andersen Hundvebakke
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Gode råd frå byens lause fuglar

Det spurte svenske forskarar seg om då dei skulle sjå på korleis ein hypotetiske kunne ruste opp Stigbergsparken i Stockholm og gjere den meir brukarvennleg.

Det er Vårt Land som omtaler det spesielle prosjektet. Avisa har prata med Björn Hellström, professor på Konstfack og prosjektleiar for Decode som stod bak. Dei utviklar ein ny metode for inkluderande byplanlegging.

– Det er nesten berre dei som drikk alkohol som sit der heile dagen. Då slo det meg at dei må kunna mykje om parken, seier han til avisa.

Han meiner at dei som bur i eit område som skal rustas opp må involverast på eit så tidleg tidspunkt som mogleg. Han sendte difor nokre av studentane sine til parken. For å gjera det lettast mogleg å delta, tok dei med seg kart og bilete som ein kunne­ teikna på.

– Nokon av alkoholikarane syns kanskje det er vanskeleg å ordleggja seg. Då er det lettare å jobba med reiskapar, seier Hellström.

LES OGSÅ: Dei nye rallarane

Mykje kunnskap
Resultatet av parkbesøket overraska forskarane. Parkens lause fuglar hadde kunnskapar om alt frå kva blomar som klarte seg best til kva delar av parken som var mest solfylte avhengig av årstider.

– Dei viste oss kor dei pleidde å setja seg for å unngå å forstyrra borna som leiker. Dei var veldig merksame på andre menneske som brukte torget, seier Hellström, som meiner at ein må inkludere absolutt alle samfunnsgrupper når ein skal drive arealplanlegging i det offentlege rom.

I tillegg til alkoholikarane snakka prosjektgruppa også med barn, postbud, hundeluftarar og andre brukarar av parken.

LES OGSÅ: Arkitektur for framtida

Nytt og inkluderande verktøy
Sjølv om møtet mellom forskarane og brukarane av parken var interessant resulterte det ikkje i fysiske endringar i parken i etterkant. Men Vårt Land skriv at Hellström og kollegaene hans no er i gang med trinn to, som er å utvikla sertifiseringssystemet Citylab under leiing av Swedish Green Building Council. Det er ein metode for byplanlegging som vil stille strenge krav for å involvera innbyggjarar av alle samfunnslag. Fleire svenske kommunar skal ta i bruk systemet frå hausten av.

– Det er lett at politikarane seier at ein skal lytta til borgarane, utan at noko skjer. Dette handlar om å hjelpa kommunane til åta hand om kunnskapen som innbyggjarane har, seier Hellström.