Arkitektur for framtida

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I tre år har eg reist på kryss og tvers som arkitekturjournalist for Dag og Tid. Kva skal gjerast for at norske byar og bygder skal bli trivelege og meir funksjonelle stader, spør mange meg. Her fylgjer seks hugsereglar.

«Ver konsekvent». I mange norske byar og tettstader finst det nærast ikkje byplanleggjing. Utvikling er eit resultat av skjønet til utbyggjarar og kommune­folk utan fagkunnskap og av vikarierande argument til politikarar. Eit trist døme er Levanger. Levanger har ein unik posisjon med trehusgatene sine; det er den einaste byen i Nord-Trøndelag som ikkje vart bomba under siste verdskrigen. Denne arven gjorde at politikarar søkte medlemskap i den europeiske Citta­slow eller Slow City-rørsla, som har utspring i Slow Food-rørsla i Italia. 2003 vart byen utropa som Cittaslow-by. Men entusiasmen varde ikkje lenge. Berre fire år seinare slo Burger King seg ned i Magneten kjøpesenter ved innkøyringa til Levanger. Kjøpesentret vart samtidig, utvida med 8000 kvadratmeter.

LES OGSÅ: Jobbar for saktare mat

Fortetting
«Fortett». Den nyurbanistiske retninga i stadutvikling krev at vi set fotgjengaren, ikkje bilen i sentrum. Etter krigen var sone­inndeling på mote i byplanleggjing. Arbeidsplassar, bustader og butikkar vart tildelte kvar sin bydel. Det førde til lange transportavstandar mellom bydelane. I debatten om nye sentralsjukehus sit vi enno fast i denne forelda tankemåten. Det er planar om å leggje det nye sjukehuset på Nord-Jæren på ein usentral plass imellom Sandnes og Stav­anger. Det vil auke trafikkaoset i regionen. Berre åtte prosent av reisene i Nord-Jæren skjer i dag kollektivt.

«Medverknad og demokrati». Det er ikkje private utbyggjarar som skal laga offentlege reguleringsplanar, men politikarar i samråd med innbyggjarane. Eit anna område der demokratiet er ei mangelvare, er arkitekturtevlingane. Juryen i slike tevling­ar er ofte dominert av arkitektar utnemnde av Norske arkitekters landsforbund, supplert med representantar for ut­­byggjaren. Ikkje sjeldan avgjer òg utbyggjar kva arkitektar som skal vera med. Når det gjeld reising av viktige offentlege bygningar, bør innbyggjarar få direkte medråderett. Hadde det vore folkerøysting om lagnaden til Østre Porsgrunn kyrkje – som brann ned i 2011 – ville innbyggjarane fått den kjære kyrkja si reist opp att i same stil.

LES OGSÅ: Vann arkitektpris for flytande bydel

Tilpassing
«Tilpassing og harmoni». Ny arkitektur bør høve med eksisterande bygningsmasse. Det gjeld særleg tradisjonelle norske tettstader som er sårlege for store endringar. Eit døme er Gran på Hadeland. I 60- og 70-åra vart det bygt forretningsbygg i Gran sentrum. Dei er på om lag 500 kvadratmeter. I 1988 skjedde det ei akselerering i storleiken på bygningsmassen. Då vart Smietorget opna, det er på 12.000 kvadratmeter. For tjue år sidan opna Granstunet kjøpesenter. Det vart utvida i 2010. Bygget er på 17.000 kvadratmeter. I Gran kommune bur det berre 13.000 menneske.

«Bygg for æva». Bygningar bør vara i minst hundre år. Her kan vi atter vise til Gran. Kva skjer den dagen ingen vil leige lokale i Smietorget eller Grans­tunet? Eignar overdimensjonerte, vindaugslause kjøpesenterhallar seg til attbruk? Same kor miljø­venlege desse bygningane er, vil tome kjøpesenterhallar ikkje berre ta opp viktig plass i by­­romet, men òg krevja store energiutslepp den dagen dei skal rivast og nybygg skal reisast på tomta. Ein stor del av CO2-utsleppa i dag kjem frå produksjon av byggjemateriale og byggjing. Eit døme på fornuftig byggjestil er industribygningane i Melbu i Hadsel. Industrigründer Christian Frederiksen reiste bygg i småskala. Etter at verksemdene vart lagde ned, har bygningane tent vidt ulike føremål: bustad, butikklokale, restaurant, treningssenter osb.

LES OGSÅ: – Me er eigentleg for seint ute

«Sprø arkitektur»
«Ikkje meir sprø arkitektur», uttala Kinas president Xi Jinping i oktober. Han gjekk til åtak på det nye TV-hovudkvarteret i Beijing teikna av arkitekturkontoret Office for Metropolitan Architecture, som den verdskjende Rotterdam-arkitekten Rem Koolhaas er medgrunnleggjar av. I Kina har viktige bygningar fått ei form som vekkjer lått hjå kinesarar: eit bygg liknar ein smultring, eit anna ein penis. I Noreg finn vi den rotterdamske stilen att i Bjørvika i Oslo og i det kubeforma universitetsbygget som Entra Eiendom vil byggje på Tullinløkka. Slik stjernearkitektur, der bygningane er forma som skulpturar, høver godt i opne landskap, men ikkje midt i eit historisk bymiljø. Arkitektar må lære seg at miljø og form skal passe saman. Eg gjev siste ord til Xi Jinping: «Vakker kunst skal vera som solskin frå den blå himmelen og brisen om våren, som inspirerer sinna, vermer hjarto, kultiverer smaken og reinskar bort uynskte arbeidsmåtar.»

Vel, desse råda skulle ikkje vera uoverkomelege, men likevel er det særs få byar og bygdebyar som fylgjer dei. Det er observasjonen eg har gjort på reisene mine. Mellom dei byane som har fylgt ein politikk som samsvarar med desse råda, er Røros og Lom. Det har vorte retta kritikk mot dei strenge reguleringsplanane på desse stadene. Ein kan kritisere dei for å vera for konservative, men ein kjem likevel ikkje bort frå suksessen til desse småstadene: Ved å vera så strenge har dei unngått ukontrollert kjøpesenterutvikling – som er den største utfordringa for Arkitektur-Noreg i dag.

LES OGSÅ: Vil grave ned kjøpesentra

Les teksta i Dag og Tid.