Stadig fleire byleilegheiter er eigd av personar som allereie har ein annan stad å bu.

Det skriv Klassekampen. Dei viser til tal frå Skatteetaten når dei skriv at 17 prosent av bustadene i Oslo, Bergen, Trondheim, Stavanger og Trondheim er sekundærbustader. Det vil seie at dei er eigd av personar som bur ein annan stad til dagleg. Bustadene er brukt som ein spareform og er som regel leigd ut til andre.

LES OGSÅ: Bustadkjøp for dummies

Auker faren for ei bustadboble
I Oslo er det 50.000 sekundærbustader, og i sentrumsbydelane høyrer 30 prosent av bustadene til i denne kategorien.

Økonomar avisa har prata med meiner fenomenet  aukar faren for ei bustadboble, skader økonomien og er urettferdig, meiner økonomane.

– Dei siste åra har mange kjøpt ekstra bustad. Når bustadprisveksten stoppar opp eller snur, er det dermed færre som kan kome inn og kjøpa. Det som kjenneteiknar ei boble er at folk kjøper ut frå ei forventing om framtidig vekst, seier sjeføkonom Elisabeth Holvik i Sparebank1 .

LES OGSÅ: Folk flest vil bu i ein liten by

Den viktigaste grunnen til at det er så populært med sekundærbustad er gunstige skatteregler. Likningsverdien på sekundærbustader er lågare enn marknadsverdien. Norske skattebetaler får òg frådrag for alle renter dei betalar, noko som gjer det gunstig å låne pengar til bustadskjøp.

– Skattefrådrag for gjeldsrente gjev bustadseigarar enorme subsidiar kvart år. Resultatet er at unge ikkje kjem seg inn på bustadmarknaden med mindre dei har foreldre som kan hjelpe til. Dei store taparane er arbeidarungdom i dei store byane, seier ho.

LES OGSÅ: – Bustad bør vere ein rett

Skeivfordeling
Klassekampen har også prata med sjeføkonom Roger Bjørnstad i Samfunnsøkonomisk analyse. Han er samd i det Holvik seier.

– Skattesystemet vårt skapar veldig skeiv fordeling i bustadmarknaden. Dei som allereie er der nyt godt av dei gunstige ordningane, og høge prisar gjer det vanskeleg å kome seg inn. Det skapar skilnader mellom generasjonar og sosiale grupper, seier han.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.03

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE