No skal lærarrolla granskast

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) skal setta ned ei ekspertgruppe som skal sjå nærare på lærarrolla.

– Me treng eit solid forskingsbasert kunnskapsgrunnlag om lærarrolla, slik at me får ei felles forståing av kva denne rolla er. Det blir viktig i det vidare arbeidet med å styrka statusen til lærarane, seier Isaksen i ei pressemelding frå regjeringa.

LES OGSÅ: Slår alarm om stadig større skuleklassar

Leiar av utdanningsforbundet, Ragnhild Lied, seier til Dagens Næringsliv at ei ekspertgruppe ikkje er nok for å løysa problema til lærarstanden.

– Eit ekspertutval kan ikkje løysa tillitskrisa. Tillitskrisa handlar om forholdet mellom arbeidsgivarar og arbeidstakarar, forholdet til myndigheiter, til sentrale politikarar som lovar. Det er noko som må handterast i dialogen mellom partane i arbeidslivet og det politiske systemet, seier Lied til DN.

Ekspertgruppa blir sett ned etter eit år med besøk på ulike skular og fleire innspel frå lærarar og elevar. Målet er å få fleire gode lærarar – og kunnskapsministeren

 Likevel er ho ikkje negativ til at eit ekspertutval ser på lærarrolla – det kan vera veit viktig bidrag til debatten, seier ho.

Tillitskrisa som Lied snakkar om er sterkt knytt til lærarstreiken i august i fjor. Kunnskapsministeren meiner me allereie er på god veg til å gå vidare frå det.

– Gjennom arbeidet med lærarrolla legg me fjorårets krisestemning bak oss og ser framover. Årets gledelege søkartal til lærarutdanningane tyder på at dei unge har oppfatta  at me no er på rett veg, seier kunnskapsministeren i pressemeldinga.

LES OGSÅ: Åtvarar mot kommersialisering av utdanning