Sjå – ein haikande robot

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den vetle, kanadiske roboten Hitchbot ser ut som om han er bygd opp av diverse reservedelar du finn i garasjen – men på innsida er den sjarmerande roboten ein høgteknologisk skapning – som brukar sommaren sin på å haika rundt i USA, og kryssa av punkt på sin «bucket list». Han skal mellom anna ta ein selfie med Hollywood-skiltet, høyra jazz i New Orleans, vera søvnlaus i Seattle, og ta ein snartur innom Las Vegas

 

Kvifor reiser ein robot rundt i USA? Det ligg faktisk ei meining bak det heile, skriv bloggen Iflscience

– hitchBOT kan brukast til å forstå ulik kulturell oppførsel mot sosiale robotar, sa professor Davis Harris Smith ved McMaster University i Ontario. Han var ein av dei som skapte hitchBOT.

Ei litt enklare måte å sei det på, er at Hitchbot skal undersøka korleis ulike menneskjer kan omgås robotar – for å sjå om me faktisk er klare for å ha meir avanserte robotar gåande rundt i gatene.

hitchBOTkan ikkje gå rundt sjølv – fysisk er han ei sylinder med blå flyterøyr, som ser ut som armar og bein – det er for at han skal verka så harmlaus som mogleg. Men teknologien på innsida er av eit anna kaliber – hitchBOT kan sjå, lytta og snakka med dei rundt seg, og han veit kvar han er og kvar han vil reisa.

hitchBOT har tidlegare reist rundt i Nederland, Tyskland og Canada – no skal USA erobrast. Du kan følga turen hans på Facebook, Twitter og Instagram.