Forbrukar like mykje vatn som i Dødehavet kvart år

Ida Bergitte Andersen Hundvebakke
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Verdas vassforbruk har tredobla seg dei siste 50 åra og to milliardar menneske bur i områder med vassmangel. Nokre av desse områda er nordmenn sine favorittdestinasjonar når vi skal reise på ferie. Men let vi oss hindre i å sløse med vatnet av den grunn? Nei. Faktisk har enkelte spanske ferieøyar sett seg nøydd til å frakte inn ferskvatn med skip. Deira eige ferskvatn er rett og slett brukt opp. Det skriv Vestlandsforskning i ein artikkel på forskning.no.

LES OGSÅ:FN: Småbarn døyr av skitvatn

Grunnvatnet blir borte
– Vi brukar ein stadig større del av det fossile grunnvatnet, og denne ressursen blir ganske enkelt borte når han er brukt opp, seier Stefan Gössling i artikkelen.

Han er professor i berekraftig reiseliv ved Vestlandsforsking og Universitetet i Lund, og har saman med to kollegaer skrive ei ny fagbok om turisme og vatn.

Forskarane har teke i bruk nye reknemåtar for å talfeste vassforbruket i turistnæringa. Dei vart overraska over tala dei kom fram til. Gössling skil mellom direkte og indirekte vassbruk. Direkte vasstjuvar var mellom anna vatning av plenar og oppfylling og vedlikehald av symjebasseng. Blant dei indirekte vasstjuvane finn ein drivstoff og matproduksjon, og alt matsvinnet i andre ledd. Når maten er servert og ein sit att med enorme mengder rester.

LES OGSÅ: I dag er jordas dag

Eit Dødehav i året
Forskarane kom fram til at turismen truleg står for eit direkte vassforbruk på 138 kubikkilometer i året. Det er nesten like mykje vatn som det Dødehavet rommar.

Fordi vi blir fleire i verda og fordi klimaendringane er venta å avgrense tilgangen på ferskvatn i varme strøk, kan turistnæringa kome til å konkurrere med lokalbefolkninga og landbruket om dei dyrebare dropane.

– Dels øydelegg ein eit geologisk system som har eksistert i tusenvis av år, grunnvatnet. I kystområde er salinisering det store problemet, det vil seie når ferskvatnet forsvinn, og saltvatn treng inn frå havet og øydelegg vilkåra for ein del artar, seier Gössling i artikkelen.

Vestlandsforsking skriv at han gjekk i dialog med turistbransjen for å formidle resultata han kom fram til. Responsen var god. Han trur likevel ikkje at miljø- og ressursspørsmål står høgt på dagsordenen i turistnæringa sjølv om det kan vere pengar å spare.

– Ein kan jo spørje seg om det bør vere ei statleg oppgåve å prise vatn og energi. I California er det innført ein terskel for vass- og energiforbruk, slik at du blir straffa økonomisk når du kjem over ei viss grense. Her i Europa får du tvert om rabatt om du brukar mykje, seier han.