Vil satse elektrisk og kollektivt

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det meiner Daniel Gangeskar, som er Venstres ungdomskandidat til fylkestingsvalet i Sogn og Fjordane i 2015.

Han ynskjer at fylket i større grad skal utnytte dei naturlege moglegheitene til eit grønt skifte innan industri, arbeidsliv og teknologi. 

I spissen for å utvikle ny teknologi
– Vi gjorde ikkje som fleire andre stader i landet og knytte oss eine og aleine opp mot oljenæringa. Det gjer at vi står fritt til å jobbe meir effektivt inn mot dei nye kompetansearbeidsplassane innan fornybar energi, og dei grøne næringane som skal prege framtida, skriv Gangeskar i ein epost til Framtida.no.

LES OGSÅ: Det grøne skiftet er i gong

Han løftar fram bedrifter som går føre allereie i dag, ikkje berre i fylket, men også i landet.

– Havkraft skapar til dømes energi frå undersjøiske havstraumar og bølgjekraft. Silisiumet som vert produsert hjå Elkem Bremanger er blant verdas mest miljøvenlege, og NorSun i Årdal har aldri sett lysare tider.

Deira arbeid med produksjon av solcellepanel og posisjonen dei har opparbeidd seg internasjonalt i solcellebransjen er heilt unik.

LES OGSÅ: – Dårleg debattklima om klima

Gangeskar ynskjer å sjå fleire slike bedrifter i Sogn og Fjordane.

– Med hjelp frå stat, fylkesting og kommunestyre kan ein sikre at liknande bedrifter sprett opp endå fleire stader i Sogn og Fjordane.

Han meiner Sogn og Fjordane kan stå i spissen for å utvikle ny miljøvenleg teknologi.

– Skal vi klare å hanskast med klimaendringane må ein legge til rette for at framtidas arbeidsplassar er kompetansearbeidsplassar innanfor ein ny grøn industri som gjere det mogleg med utviklinga av ny miljøvennlig teknologi. 

Kollektivt og elektrisk
Nokre av dei viktigaste klimatiltaka for å redusere utslepp i fylket er å satse meir på kollektivtransport, trur Venstre-politikaren.

– I Sogn og Fjordane er ein vand med store avstandar og lange distansar. Slike situasjonar gjer at ein ofte tyr til å ta bilen, i staden for buss, båt eller liknande kollektivtilbod. Sidan folk brukar bil framføre kollektivtilboda, må vi gjere det meir attraktivt å benytte seg av dei alternative tilboda til bil.

LES OGSÅ: Korleis kan lokalvalet bli eit klimaval?

– Vi må ha fleire avgongar, hyppigare avgongar og vi må gjere det rimeligare å benytte seg av tilboda. Per i dag vert det for dyrt for ein familie å ta bussen i staden for bilen når dei skal ein stad, det må det gjerast noko med.

Det skal løne seg å ta dei miljøvenlege vala, sjølv om ein bur utanfor byane, meiner Venstre-politikaren.

– Vi må difor også satse på energieffektivisering av bygg og ei større utbygging av ladepunkt for elbil.

LES OGSÅ:Heilt grøne på politikk