Satsar på å rydde etter oljeeventyret

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Stiller ein seg på kaia på Lutelandet i Fjaler kan ein kjenne smaken av sjø. Rett utfor det nybygde hamneområdet breier Nordsjøen seg. I ryggen har ein eit over 3000 mål stort industriområde, som mest av alt ser ut som ein stor parkeringsplass. Denne julidagen rår vinden og fuglane her, men om ikkje lenge vil øya ytst i Fjaler yre av aktivitet.

Då skal verdas største båt frakte plattforma Yme til lands, der den skal takast frå kvarandre og gjenvinnast. På den andre sida av øya er naturen førebels urørt. Her skal det etter planen kome ein vindmøllepark som kan forsyne 5000 husstandar med kraft.

– Suksessen til Lutelandet vil verte målt på kor godt miljøet vert ivareteke.

Det seier Stein-Arne Ottesen, som er dagleg leiar i Lutelandet utvikling AS, eit fylkeskommunalt og kommunalt selskap som arbeider med å marknadsføre Lutelandet.

Stein-Arne Ottesen representerer Lutelandet utvikling As, eit offentleg selskap som jobbar med å marknadsføre industriområdet i bakgrunnen.

Startar med ei skandalehistorie
Lutelandet ligg nær store olje- og gassfelt på norskekysten. Innseglinga til hamneområdet er open og djup, og vinden bles friskt. Ideen om å satse på vedlikehald og skroting av utrangerte oljeinstallasjonar og på vindkraft, ser ut til å spele på lag med omgjevnadane.

Arbeidet for å få til eit industriområde på Lutelandet har føregått lenge, men i 2014 kunne aktørane endelege juble. Då sikra det britiske selskapet Veolia seg jobben med å skrape Yme-plattforma. Jobben skal gjerast på Lutelandet, og samstundes har Veolia inngått ein langsiktig avtale med selskapet Lutelandet Offshore om å utvikle djupvasskaia på området.

LES OGSÅ:– Gullkysten kan bli ein klimaspydspiss

Det første oppdraget er noko spesielt. Yme-plattforma vart bygd i Abu Dhabi i 2010, men måtte utbetrast etter at tusenvis av feil vart oppdaga. I 2012 vart 140 personar evakuert frå Yme, og i 2013 vart det slått alarm om at plattforma stod i fare for å kollapse om den ikkje vart sikra ytterlegare før haust- og vinterstormane. No skal den altså skrotast på Lutelandet, utan å ha vore i bruk.

– Ei tragisk historie. Føremonen er at plattforma er rein når den skal dekomponerast, seier Ottesen.

Arbeidet med plattforma skulle eigentleg teke til i haust, men har vorte utsett til våren. Men når selskapa først kjem i gong på Lutelandet, så er dei gong på ordentleg, trur Ottesen.

– Eg trur vi kan rekne med svært mange slike oppdrag dei neste 30-40 åra, etterkvart som marknaden for opprydding av Nordsjøen veks. Såleis er satsinga her på Lutelandet langsiktig, seier han.

Sogn og Fjordane sin tur
– Sogn og Fjordane fekk lite ute av oljeeventyret, men kanskje kan vi få desto meir ut av oppryddinga.

Det seier Arve Helle, ordførar i Fjaler, fylkespolitikar for Arbeidarpartiet og ein av pådrivarane for industriutviklinga på Lutelandet. Han meiner satsinga er framtidsretta.

– Oppryddinga etter aktiviteten i Nordsjøen er ein jobb som må gjerast, ein eller annan plass. Det er i alle fall ikkje til det beste for miljøet om plattformane vert ståande i sjøen. På Lutelandet vil dei verte tekne inn til land, og demontert under trygge vilkår og veldig strenge miljøkrav. Det tenkjer eg absolutt kjem inn under grøne arbeidsplassar, seier han.

LES OGSÅ:Grøn medvind i distrikta

Helle meiner at også vindmøllene, som gir rein, fornybar energi, er ei framtidsretta satsting.

– Det er ikkje alle som er einige i det, men eg klarar ikkje å sjå at dei er ei visuell forureining ein gong. Sjølvsagt skal vi ikkje teppebombe kystlandskapet med møller, men nokre parkar må vi tole, seier ordføraren.

Jakta på arbeidsplassar har vore ei viktig drivkraft bak utviklinga på Lutelandet.

– Det er vanskeleg å seie akkurat kor mange arbeidsplassar satstinga vil skape. Men aktiviteten vil verte stor, med ringverknader for lokale bedrifter. Det vil ha mykje å seie for å fylle opp bygdene, og halde på skular og kulturtilbod i Fjaler, trur Ottesen i Lutelandet utvikling.

Han fortel at kring tre millionar kroner av leigeinntektene for området vil verte investert i lokal næringslivsutvikling årleg.

Kaia står klar, ut mot havet. Innseglinga frå Nordsjøen til Lutelandet er open og djup, godt eigna til utrangerte oljeinstallasjonar som skal ut av teneste.

Lite konflikt
Både Ottesen og Helle peikar på at det har vore relativt lite konflikt om utviklinga på Lutelandet, i forhold til liknande prosjekt andre stader. Likevel er det ikkje alle som er einige i at den planlagde aktiviteten er utelukkande positiv. Éin nabo uttrykkjer uro for at det såkalla «Trivselsfylket» skal verte kjend som «Søppelfylket», i ein klage på utsleppsløyvet til Lutelandet Offshore. Då selskapet i 2011 fekk løyve til «verksemd etter ureiningslova», hadde også Naturvernforbundet innvendingar.

LES OGSÅ:Hawaii forbyr plasposar

Thorleif Jacobsen, som var fylkesleiar i Naturvernforbundet i 2011 og i dag er æresmedlem og leiar i Eid lokallag, fortel at det var utslepp til sjø og luft naturvernarane var uroa for.

– Vi var veldig skeptiske til planane på Lutelandet, både industriområdet og vindmølleparken. Når plattformar vert skrota vil det vere utslepp, til dømes av såkalla lågradioaktive stoff. Det kan også vere forureining til luft og sjø. Vi var særleg uroa med tanke på det marine livet. Gamle plattformer kan innehalde alt mogleg rart, seier Jacobsen.

Han er positiv til at det marine livet kring anlegget er i ferd med å vert utgreia, slik Miljøverndirektoratet har krevd.

Ikkje alt gull er grønt
Naturvernaren er skeptisk til å kalle arbeidsplassane på Lutelandet «grøne».

– Det er veldig lettvint å kalle alt grønt, men eg vil råde mot å misbruke ordet. For å seie om ein arbeidsplass faktisk er grøn må ein etter mitt syn gjere ein livslaupsanalyse, der ein finn kortaste vegen frå vogge til grav. Det er klart at oljeplattformane må verte skrota ein stad, men dei som gjer jobben har ikkje nødvendigvis grøne arbeidsplassar.

Han meiner ein grøn arbeidsplass korkje belastar miljøet på den eine eller den andre måten.

– Det er bra om ein kan skape gode arbeidsplassar som tek ansvar for heile løpet.

– Fleire er interessert i det grøne skiftet
Gunhild Berge Stang er førstekandidat på Sogn og Fjordane Venstre si liste til fylkesvalet. Ho er ikkje så redd for å vatne ut omgrepet «grøne arbeidsplassar».

–Klimaomsyn er ein ekstremt vesentleg del av det grøne skiftet, men ikkje alt. Miljøvenleg havbruk er til dømes også grøne arbeidsplassar, fordi det handlar om å bruke ressursar på ein sånn måte at vi ikkje brukar det opp. Eg er ikkje så redd for å vatne ut omgrepet, og trur ein kan få positive ting ut av å opne det opp. Renseteknologi kan til dømes vere ein heilt kurant del av det grøne skiftet, seier ho.

Ho peikar på at intensjonen bak Lutelandet ikkje primært var å skape grøne arbeidsplassar.

– Då Lutelandet var påtenkt var det vel ikkje primært grøne arbeidsplassar som var målet. Etterkvart har fleire og fleire vorte oppteken av det grøne skiftet, og det er positivt at Lutelandet vert nemnd i slike samanhengar.

Førebels er det stille på Lutelandet, men til våren kjem plattforma Yme, og aktiviteten vil ta seg opp.

Målt på miljø
Frå eit utsiktspunkt på industriområdet peikar Ottesen i Lutelandet utvikling ned mot den planerte flata der der før var holmar og sjø, og fortel om miljøtiltaka som er gjort. Han meiner suksessen til selskapa som etablerer seg på Lutelandet vil verte målt i kor godt dei ivaretek miljøet.

– Her vert nedrigginga gjort på land, framføre at plattformene vert tekne frå kvarandre i sjøen. Det er det sikraste for å unngå utslepp. Under overflata av anlegget ligg i tillegg ein membran som fangar opp utslepp og desse vert handsama etter strenge miljøkrav. Ein stor del av materialet og maskinene vert gjenvunne, men nokre av dei viktigaste miljøomsyna vil ligge i vanar og rutinar hjå dei som gjer jobben, forklarar Ottesen.

Då vi set oss i bilen og køyrer vekk, overlet vi igjen industriparken til vinden og fuglane – enn så lenge. Tida vil syne om aktiviteten på Lutelandet vert eit økonomisk og grønt framtidsløft for regionen.

LES OGSÅ:«Shit, dette kjem til å skje»