Elevane må helgependla
Bebuarane i dei nye studenthyblane i Åbøbyen i Sauda må søka om dispensasjon for å kunna bu der i helgane.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Etter planen skal 30 av totalt 90 studenthyblar i Åbøbyen stå ferdig til skulestart i august. Til nå har nærare 15 personar skrive kontrakt for leige av bustad. Men sjølv om dei betaler fleire tusen kroner i månadsleie må leigetakarane finna seg i å søka om dispensasjon dersom dei skal opphalda seg på hyblane i helgane.
Sauda vidaregåande skule, som står som utleigar av hyblane, ønsker nemleg å stenga dørene til studentbustadane laurdagar og søndagar.
– Helgestenginga skal gi elevane og ikkje minst dei føresette trygge rammer rundt skulegangen i Sauda. Me ønsker at foreldra skal føla seg trygge på at barna deira har eit trygt og godt miljø. Ein må hugsa på at mange av elvane er under 18 år og såleis er umyndige, seier Lisbet Bakka Hjorth.
Ho er administrasjonsleiar ved den vidaregåande skulen og har eit spesielt ansvar for dei nye studentbustadane. Bakka Hjorth peiker på at skulen som utleigar er ansvarleg for at skuleelevane har trygge buforhold.
LES OGSÅ: Fryktar stipend-endring råkar mange