Klimaforskarar på djupt vatn

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Klimaendringane får havnivået til å stige, men visste du at det stig raskare på Vestlandet enn på Austlandet?

Det høyrest ut som ein klisjé, men det regnar faktisk sidelengs på Marineholmen i Bergen.

Bygningsarbeidarane som jobbar med det nye DNV GL-bygget rett bak Nygårdsparken drillar i gule oljeklede. På føtene er dei i alle fall tørre med god margin. Nybygget er konstruert med tanke på eit havnivå som er høgare enn i dag, og golvet i 1. etasje ligg éin meter over nivået kommunen krev for å ta høgde for havnivåstiging på lang sikt.

Det ærverdige gamle bygget rett ved sidan av er derimot  ikkje bygd for dei same endringane. Bak dei grå murveggane omfamna av grøn eføy sit forskarane ved Nansensenteret, deriblant havforskar Jan Even Øie Nilsen. Han er éin av dei som jobbar med å skildre korleis klimaet i Noreg kjem til å verte fram mot år 2100, i arbeidet med ein rapport som DSB, NVE og Miljødirektoratet presenterer i september.

Saman med Kartverket arbeider Nilsen og kollegaer på Nansen- og Bjerknessenteret også med ein grunnlagsrapport spesielt om havnivå og stormflo. Hans konklusjon er som følgjer:

– Havet vil ta oss att.

Her til lands gjeld det ikkje minst for Nilsen og hans kollegaer sjølv.

LES OGSÅ: Utfordrar heile Noreg til å finna fram polfararen i seg

Landet hevar seg i ulik fart
Forskarane på Nansensenteret sit ikkje berre bokstaveleg tala lågare enn sine nybygde naboar. Dei held i tillegg til i ein av byane der havet stig fortast.

– Vasstanden på kysten stig raskare på Vestlandet enn på Austlandet, seier Nilsen.

Dette kjem av eit fenomen ein kallar landheving. I utgangspunktet stig havet fordi isen på land i verda smeltar og vatnet strøymer til havet. I tillegg utvidar havet seg når det vert varmare, om lag slik som kvikksølvet i termometeret. Når temperaturen på jorda går opp, vert dermed mykje av varmen lagra i havet og havnivået stig ytterlegare. Denne stiginga er ulik ulike stader i verda. Hos oss er den ulike stigninga langs kysten først og fremst på grunn av at også landet stig, i ulik fart.

– Isen som låg over heile Skandinavia under førre istid pressa jordskorpa ned. Landet hevar seg på grunn av at ho framleis held på å strekkje seg ut etter førre istid. Dette tek lang tid, og det tek også ulik tid, ulike stader. I Bottenviken, mellom Finland og Sverige, går hevinga raskast. Jo lenger vekk frå der isen var tjukkast, dess saktare går stiginga. I Oslo stig landet med 5,4 millimeter i året, medan talet på Vestlandet er rundt 2 millimeter i året, forklarar Nilsen.

Forskarane på Marineholmen vil dermed verte tekne att av havet raskare enn operasongarane i Bjørvika i Oslo. I Bergen skjedde eit vendepunkt mellom synkande og stigande vasstand allereie i laupet av syttitalet.

Eit pessimistisk perspektiv
Å avgjere kor mykje havet vil stige er inga smal sak. Mange ulike faktorar spelar inn – ikkje minst kor mykje klimagassar vi vel å sleppe ut. Når Nilsen snakkar om «det mest pessimistiske utsleppsscenarioet» er det «business as usual» han siktar til.

– Held vi fram med å sleppe ut like mykje klimagassar som no, er det mogleg at vasstanden kan stå nesten ein meter høgare enn i dag, på slutten av dette århundret i Bergensområdet, seier Nilsen.

LES OGSÅ: Ho vil ut av fortida

Det har ikkje berre konsekvensar for kor høgt vatnet står mot bygningar og andre verdiar ved vasskanten. I tillegg vil vêrfenomen som stormflo, altså at lågtrykk og pålandsvind får vatnet til å stå høgare på kysten ved stormar, kome til å stå høgare opp, slik at oversvømmingar vil verte vanlegare.

– I Bergen kan det vi i dag kallar 200 års-flommar verte årlege flommar frå kring år 2070, anslår Nilsen.

…og eit noko meir optimistisk
Det optimistiske alternativet er at samfunnet kuttar kraftig i utsleppa av klimagassar. Likevel vil det ta tid å stogge havnivåstiginga.

– Dette er langsame prosessar. Det er så godt som heilt sikkert at havet vil stige i mange hundre år, uansett kva vi gjer. Særleg havet brukar lang tid på å ta opp den varmen som allereie er i atmosfæren. Havet vil halde fram ei god stund til med å ta opp varme, forklarar Nilsen.

Jan Even Øie Nilsen - havniv

– Held vi fram med å sleppe ut like mykje klimagassar som no, er det mogleg at vasstanden kan stå nesten ein meter høgare enn i dag, på slutten av dette århundret i Bergensområdet, seier Jan Even Øie Nilsen ved Nansensenteret

LES OGSÅ: «Shit, dette kjem til å skje»

Togradersmålet, altså målet om å hindre ein auke over to grader i global snittemperatur i høve til førindustrielle nivå, har lenge vore ei leiarstjerne for politiske leiarar. Målet har fått kritikk frå ulikt hald, både for å vere for lite ambisiøst, for ambisiøst, og for enkelt.

Også Nilsen er kritisk til togradersmålet. Uansett kan det tene til å illustrere kor kraftige endringar som må til:

– Dersom vi klarer det som skal til for å nå togradersmålet så vil vi kunne avgrense havnivåstiginga til berre eit par titals centimeter ved slutten av århundret, seier han.

Hastar å avgrense
Anslaga er basert på framskrivingar. Nilsen arbeider med såkalla klimamodellar for å rekne ut korleis klimaet vil endre seg og kva konsekvensane blir. Ein tek då utgangspunkt i målingar av dagens situasjon frå mange ulike stader, og nyttar grunnleggjande fysikk til å berekne endringane i klimasystemet og havnivået i framtida.

Framskrivingane er altså dei beste ein klarar utfrå noverande kunnskap, og éi feilkjelde kan vere at ein ikkje har teke høgde for ukjende prosessar. Og ikkje minst er utrekningane altså avhengig av politiske tiltak – slik skilnaden mellom det pessimistiske og det optimistiske scenarioet syner.

At lenkja mellom temperaturauke og havnivåstiging ikkje er enkel og ikkje verkar momentant, syner også kvifor det hastar å avgrense havnivåstiginga. Ifølgje Nilsen stig havet fortare og fortare.

–  Med dei drivhusgassutsleppa vi har i dag, vil prosessen gå stadig fortare. Når temperaturen aukar, vil isen smelte fortare, havet vil halde fram med å utvide seg, og vasstanden vil stige i akselererande fart, seier Nilsen.

LES OGSÅ: – Dårleg debattklima om klima