Årets lokalmatgründer sel vaflar som fastfood, og står for at det er få ting du ikkje kan ha på den.

Jenny Mosveen og familien står bak Vaffelstekeriet, familiebedrifta der yngste medlem er berre to veker gamalt. Dei lagar vaflar, men ikkje berre på den tradisjonelle måten.

– Eg trur me har hamna i komfortsona mellom innovasjon og tradisjon, seier Mosveen, som fekk tittelen Årets lokalmatgründer under Vinjerock.

– Tittelen åleine opnar mange dører for oss, seier ei begeistra Mosveen etter å ha teke imot prisen, som er på 50.000 kroner.

– Pengane har me allereie brukt opp, slik er det å vera gründer, legg Mosveen til med ein latter.

Jenny Mosveen fekk tittelen Årets lokalmatgründer for fastfood-vaflane sine. Foto: Anders Veberg

LES OGSÅ: Vil ha økologisk mat i vidaregåande skular

Prisen vart delt ut under Vinjerock av Norgesgruppen. Av 18 utvalde og tre finalistar, var det Vaffelstekeriet som vann til slutt. I finalen elles stod to ølbryggeri. Lindesnes bryggehus, som mellom anna brukar raudalger i ølet sitt, og det lokale bryggeriet Små Vesen, som hadde ambisjonar om – og utfordringar med – å laga eit øl med rabarbrasmak.

Til slutt var det vaflane til Mosveen som hamna på topp. Dei gir kundane sine ein ny måte å sjå på vaflar på – her er det ikkje berre den tradisjonelle søte med rømme og syltetøy på.

Mellom anna lagar dei sunne havrevaflar til lunsj, og mektigare potetvaflar som kan etast til middag.

– Kva er den mest spesielle vaffelen du har laga?

Kanskje meskevaffel med handplukka multer på. Det er i alle fall den dyraste me har, svarar Mosveen. Meskevaflar er laga på restane som blir igjen under ølbrygging – eit utradisjonelt val for vaflar.

LES OGSÅ: Maten i Noreg er trygg

For Mosveen og familien er sunnheit og norske matvarer viktige i arbeidet – det skal også auka kvaliteten på vaflane. At det appellerer til publikum er openbart. Når mor Mosveen, som også er ein del av bedrifta, ber fram eit staseleg fat med smaksprøvar til juryen, er det nesten som om det går eit lite gisp blant publikum. Mor var også travel etter prisutdelinga, med å dela ut resten av smaksprøvane til nysgjerrige og svoltne publikummarar.

– 93 prosent av alle nordmenn likar vaflar, seier Mosveen frå scena når ho presenterer produktet sitt, og får latter frå salen. Begeistring møter også vaflane i hovudstaden, der dei no for tida har ein bod ståande på Aker Brygge. Ho påpeiker at dei ikkje er ein del av Oslo sitt satsingsprosjekt med food trucks denne sommaren.

Mosveen fortel om god respons under Skeive Dagar i Oslo, der ho også hadde sett opp ei vaffelbod. Der vart vaflane nyt til langt utpå natta.

– Trur du vaffelen kan erstatta kebaben?

– Det må den gjerne gjera, svarar Mosveen, og flirar.

LES OGSÅ: Mat må verta viktigare

Juryen nyt vaflane dei får servert – og dei er ikkje som du trur. Vaffelstekeriet lagar mellom anna vaflar av havre, potet og mesk, som er restane i ølbrygging. Foto: Anders Veberg

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.02

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE