Nordmenn er meir redde for innvandring enn klimaendringane. Berre ein av tre ser på klima som ein av sine tre største bekymringar.

I 19 av 40 land er klimaendringane det flest seier dei er «veldig bekymra» for. Klimaet er på topp blant verda si bekymringar. Det skriv Vårt Land. Resultatet kjem fram i ei spørjeundersøking utført av Pew Research som har spurt kor bekymra menneske er for ei rekkje internasjonale utfordringar.

LES OGSÅ: – Dårleg debattklima om klima

Reddast i sør
Reddast er latinamerikanarane. I alle land i verdsdelen svarar meir enn halvparten av befolkninga at dei er veldig bekymra.  Også i Afrika svarar halvparten, eller nesten halvparten, i alle land det same. Reddast er folk i Burkina Faso, der nesten fire av fem er veldig bekymra for klimaet.

I Europa ser tala noko annleis ut. Avisa skriv at det her samla sett berre er to av fem som er bekymra for klimaendringane. Spanjolane er mest bekymra, med sine 59 prosent, medan berre 14 prosent av polakkane er veldig bekymra. Her er ein til gjengjeld mest bekymra for spenninga med Russland.

LES OGSÅ:Vil sparke deg med begeistring

Nordmenn blir gradvis meir bekymra
Noreg er ikkje med i undersøkinga, men Vårt Land skriv at TNS Gallups Klimabarometer for 2015 viser at berre kvar tredje nordmann ser på klimaendringar som ein av sine tre største bekymringar. Dei set klimaet på andreplass. På topp ligg innvandring.

Arild Hermstad, leier i Framtiden i våre hender, trur nordmenn si manglande bekymring skuldast ei utbreidd misforståing om at Noreg ikkje vil rammast av klimaendringar.

– Noreg vil verte hardt ramma direkte, og ikkje minst vil det føra til eit veldig utrivelig globalt samfunn.

Han seier til avisa at fleire vil måtte flykta, og at nordmenn sine største bekymring hengjer tett saman med klimaet.

– Er ein bekymra for innvandring, bør ein definitivt vere bekymra for klimaendringar.

Men Hermstad trur nordmenn er i ferd med å sjå alvoret, og får støtte i klimabarometret. Sidan i fjor har klimaendringane gått forbi kriminalitet, veg og bane, utdanning og helse på bekymringstoppen.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.02

Kommentarar

ANNONSE