4 av 10 HIOA-studentar strauk på matteeksamen

Etter nokre år med nedgang er strykprosenten på matematikkeksamen ved den største lærarutdanninga i Norge igjen stigande. Dårlege forkunnskapar kan ha skulda.

Ida Bergitte Andersen Hundvebakke
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Strykprosenten i matematikk blant lærarstudentane på Høgskulen i Oslo og Akershus (HIOA) er på stigande kurs. No ligg han på 39,8 prosent. Det melder nettavisa Khrono.

LES OGSÅ: Ha trua på deg sjølv – bli god i matte

Vekst hos nokre, stryk hos andre
Våren 2012 strauk nesten 50 prosent av førsteårsstudentane på matematikkeksamen. Året etter var strykprosenten noko lågare og i 2014 var han nede i kring 30 prosent. Våren 2015 er det igjen vekst og 39,8 prosent strauk.

Diverre ser vi at strykprosenten har gått opp. Samstundes ser vi at resultata til dei som består har vorte betre, og relativt sett er det mange med karakterar frå A til C. Vi ser altså ein sterkare todeling av resultata og vi ynskjer å studere desse resultata nærare. Det kan altså sjå ut til at tiltaka vi set inn hjelp mange til betre karakter, men vi treff altså ikkje heile målgruppa, seier dekan på Fakultet for lærarutdanning og internasjonale studium, Knut Patrick Hanevik til Khrono.

LES OGSÅ:Lærarstudentar må ha minst 4 i matte

Svake forkunnskapar
Statssekretær Bjørn Haugstad meiner at tala viser at mange lærarstudentar ved HIOA slit kraftig med matematikk, og illustrerer behovet for å skjerpe inntakskrava i matematikk.

Det er grunn til å tru at svake forkunnskapar er ein vesentleg del av forklaringa. Samstundes kan det virke som om HiOA legg vekt på å halde på den faglege standarden ved eksamen i matematikk; det er bra. Eg legg også merke til at dekan legg vekt på å analysera resultata og at dei jobbar med tiltak for betre oppfølging av studentane. Det viktigaste arbeidet for å betre kvaliteten skjer sjølvsagt på institusjonane, og ikkje minst hos den einskilde studenten sjølv, understrekar Haugstad.