Så langt i år har over 900 barn kome åleine til Norge. 1 av 5 asylsøkjarar er no barn.

Det skriv Vårt Land. Toppen var i mai og juni. Då kom det over 300 barn kvar månad, mange under 15 år. Nokre av borna er så unge som 10 år. Dei har kome i følgje med eldre, men likevel mindreårige søsken. Det yngste barnet som kom hit heilt åleine var ein elleve år gamal gut frå Afghanistan.

– Vi ser ein klar tendens til at barna stadig er yngre, seier Birgitte Lange, assisterande direktør i Utlendingsdirektoratet (UDI).

LES OGSÅ: Intervju senker alderen

Ingen grunn til å tru at fleire lyg på alderen
Avisa skriv at nesten 200 einslege barn under 15 år har søkt asyl i Norge i år. Det er langt meir enn totaltalet for heile 2014. 77 prosent av dei einslege mindreårige asylsøkjarane kjem frå Afghanistan og Eritrea. Asylsøkjarar frå Eritrea får bli på grunn av tilhøva i heimlandet, uavhengig av alder. For afghanske barn er situasjonen meir usikker. Der vert situasjonen vurdert frå sak til sak. Dei som ikkje har behov for beskyttelse får eit midlertidig opphaldsløyve fram til dei fyller 18 år.

1 av 5 av alle asylsøkjarar som kjem til Norge er no barn. UDIs tall viser at 93 prosent av dei einslege, mindreårige asylsøkjarane fekk bli i Norge i 2014.

– Vi har ingen grunn til å tru at det er fleire som lyg på alderen no enn tidligare. Tvert imot viser testane at fleire er reelt mindreårige no, sier Lange.

LES OGSÅ: Noreg gjer ikkje nok for barn i sårbare grupper

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.02

Kommentarar

ANNONSE