Er du trøytt, skuld på genene

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Aftenposten skriv om gen og mutasjonen som kan påverka døgnrytmen din, og kor mykje søvn du eigentleg treng. Med døme som Margaret Thatcher, Napoleon og Leonardo da Vinci – historiske personar som skal ha klart seg med få timar søvn – blir mutasjonen i DEC2-genet forklart.

Den nye forklaringa på kvifor nokon treng mindre søvn enn andre kjem som eit resultat av ein amerikansk søvnstudie, og kan vera viktig for å forklara og behandla ulike søvnforstyrringar i framtida.

Forskarane oppdaga mutasjonen i genet hos ei mor og ei dotter som var med i studien, og som var opplagde og friske kvar dag sjølv med berre fire timar søvn. Forskarane bekrefta teorien ved å avla fram den same mutasjonen hos mus – og såg at også desse trengde mindre søvn.

Dei som treng mindre søvn søv rett og slett meir effektiv, er teorien til forskarane.

LES OGSÅ: Ungdom treng faktisk meir søvn

Uansett om du tykkjer åtte timar søvn er i underkant, eller møter opp frisk og rask etter berre fire timar i senga, må du få nok søvn. Om ikkje kan hjernen din krympa, syner ei studie gjort av Universitetet i Oslo og Universitetet i Oxford.

– Det er enno ikkje kjent om dårleg søvnkvalitet er ei årsak til endringar i hjernestrukturen, eller om redusert hjernevolum er ein årsak til søvnproblema, sa Anders Martin Fjell ved Universitetet i Oslo til Forskning.no då studien vart omtala i haust.

LES OGSÅ: Krympar hjernen med lite søvn