Den kritikarroste forfattaren Jan Roar Leikvoll døydde i fjor. I august kjem hans tredje roman, «Forkynnaren».

Det er Bergensavisen som kjem med nyhenda. Forfattaren frå Frekhaug levde med ein hjernesvulst store delar av livet. Då han døydde 1.august i fjor hadde han rukke å gi ut to bøker: «Eit vintereventyr» og «Fuglane, som han fekk Nynorsk litteraturpris for. Sindre Hovdenakk i VG kalla boka eit meisterverk, og også i andre aviser var meldingane strålande.

LES OGSÅ: Jan Roar Leikvoll er død

Mykje upublisert materiale
Då han døydde etterlot Leikvoll seg mange ufullstendige tekstar. Det er nokre av desse som utgjer boka «Forkynnaren», som kjem i august.

– Jan Roar passa alltid på å lagre alle versjonar av sine manus og fortalte at om noko skulle skje med han skulle eg vite at materialet låg på harddisken hans. Når det gjeld manuet til «Forkynnaren» er dette er i historie som han starta på i 2009 og som vi snakka om innimellom. Eg leste deler av dette ganske tidleg i prosessen og sidan i fjor haust har familien også lest manuset. Vi var alle einige om at det var riktig å lage bok av dette, seier David Aasen hos Samlaget. Han var redaktøren til Leikvoll og dei samarbeida i seks år.

LES OGSÅ: Songfuglen: Ein fortryllande roman

Usikkert om det kjem meir
Sjølv om det fins fleire upubliserte romanar og tekstfragment etter Leikvoll er Aasen ambibalent til å utgi desse.

– Jan Roar var ein kresen forfattar som ikkje gav frå seg noko før det var bra, og det er gode grunnar til å halde igjen sjølv om det er mykje bra og spennande stoff her. Eg stiller meg spørsmålet «kva ville Jan Roar ha sagt om dette?». Eg held moglegheiten open for å gi ut meir, men kanskje ei samling fragment er meir nærliggande enn nok ein roman, seier han til Bergensavisen.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.02

Kommentarar

ANNONSE