Songfuglen: Ein fortryllande roman

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Fortryllande roman

Jan Roar Leikvoll har dei siste åra hausta mykje skryt og fleire prisar for sitt forfattarskap. I fjor blei han tildelt Stig Sæterbakkens minnepris. Då sa juryen mellom anna at romanane hans er «fortalt på et vakkert, poetisk og syngende språk, som gjør forførende estetikk av et frastøtende innhald». I Songfuglen orienterer forfattarskapen seg vidare i ein slik mørk tematikk, men no er draumen og håpet om eit anna liv, vesentlige drifter.

Totalitært kvinneregime
Romanen skildrar eit lukka bysamfunn, styrt for og av kvinner. Berre nokre få menn har opphaldsløyve på eit bordell i byen, ein viss funksjon har mennene trass alt. Det hender no og då at menn lever i skjul innanfor bymuren, dei er utkledd som kvinner og det går brutalt gale med dei om dei blir oppdaga. På utsida av denne namnlause staden herjar mennene som ein gong blei forvist. Dei driv ein slags geriljaverksemd mot byen, og kvinnene svarar på same valdelege vis. Vaktgrupper patruljerer gatene og skyt mot skogen om menn syner seg.

Det er ei underleg ramme Leikvoll har skapt, men forteljinga blir ikkje svulstig eller parodisk sjølv om det fort kunne ha vore slik. Vi får ikkje vite kva som er bakgrunnen for konflikten mellom kjønna, men det er ein underordna detalj i forteljinga. Dette er ikkje ei forteljing som tar sikte på å forsone kvinner og menn. Romanen viser ein fastlåst konflikt mellom dei siviliserte kvinnene og dei tilsynelatande primitive mennene.

Kjønnsproblematikk
Jakoba er ein gut som heile livet har vore kledd ut og oppseda som ei jente. I takt med dei pubertale endringane på kroppen, blir det vanskelegare å halde sanninga skjult. Det er ikkje mange karrierevegar for gutar i denne byen, heldigvis har Jakoba ei uvanleg fin songstemme. Han kan leve av talentet, men då må han la seg kastrere før stemmebandet blir for grovt. Dette er heile tida planen til mora og songlærarinna, men før dei kjem så langt har Jakoba forelska seg i tenestejenta Tikva. Det korte forholdet mellom dei gir Jakoba nye og intense erfaringar med å vere mann.

Tryggleik eller fridom
Det skjer store omveltingar i livet til Jakoba på fleire plan. Tanta døyr, han ser at menn snik seg inn i byen, han ser ein mann utkledd som kvinne bli hengt, føtene hans veks, han har ein tilbakevendande kløe nedantil, og han forelskar seg. Det er tydelege litterære kvalitetar i korleis endringane i livssituasjonen til Jakoba utviklast gjennom symboltungt språk og handlingar. Å vakse opp handlar òg om å stille spørsmål til omstenda rundt seg. Jakoba observerer, forstår eller problematiserer tryggleik og fridom. Er han fri om han undertrykker dei naturlege, kjønnslege drivkreftene i han? Og kva er han sjølv klar for å gi slipp på?

Eit slikt motiv er tiltrekkinga Jakoba har til vatn. Når Jakoba badar nærmar han seg ei transcendental oppleving. Motsett presenterer andre scener eit klassisk religiøst vaskemotiv. Vatnet representerer dermed eit vanskeleg val for Jakoba, å fortsette å underkaste seg regimet og etterleve ønsket til mora og songlærarinna, eller å fri seg frå kontrollen. Det er i slike spenningar håpet samlast rundt i romanen. For tydeleg kan likevel symbolikken vere til tider. Fengsla songfuglar er eit leiemotiv som speglar situasjonen til Jakoba: «Desse fuglane har ingen skog og ingen avkjølande tjern å svale seg i om kvelden, ingen lange strekk å flyge, men bare denne vinterhagen. Men ein treng ikkje sjå lenge på dei før ein forstår at dei er lykkelege. Kanskje lykkelegare enn fuglane ute.»

Leikvoll har skrive ein roman som sparkar i fleire retningar. Her er det mogleg å lese inn kritikk av religion og styreformer med fokus heile tida på enkeltindividet. Blikket til Jakoba er mjukt og venleg i møte med dei harde livsvilkåra i byen. Refleksjonane er ikkje fordømmande, meir søkande og spørjande. Språket ligg nært eit barns uskyldige og rastlause sansing. Byen er ein kjent stad for Jakoba, dei mange skildringane av byrommet avdekker likevel heile tida noko nytt. Resultatet er ein fortryllande roman som framleis er full av hemmelegheiter.

LES FLEIRE BOKMELDINGAR HER!

Faktaboks

Jan Roar Leikvoll
Songfuglen
Roman
Samlaget, 2013
191 sider