Kan ha funne svaret på aldersgåta

Ida Bergitte Andersen Hundvebakke
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I 2013 var den forventa levealderen for kvinner fire år høgare enn menn sin. Om ein spolar tilbake nokre hundre år var situasjonen annleis. Kvinner hadde ikkje større sjanse for å leve lenger enn menn. I det heile var dette med levealder eit relativt trist kapittel. I Norge var nemleg den gjennomsnittlege levealderen rundt 30 år i middelalderen.

Forskning.no skriv at den vanlegaste dødsårsaken fram til 1800-talet var infeksjonssjukdommar, men med betre buforhald og kunnskap om ernæring, hygiene og medisin sank dødstala raskt når hundreåret nærma seg slutten.

LES OGSÅ: Hjarte i utakt

Data frå 13 ulike land
Dei amerikanske forskarane meiner at det var rundt denne tida at forskjellane mellom kvinner og menn oppstod. Dette baserer dei på historiske data frå 13 ulike vestlege land, inkludert Norge, Sverige og Danmark.

«Kjønnsforskjellane begynner å vise seg i gruppene som er fødd etter 1880», skriv Hiram Beltrán-Sánchez og kollegaene hans i ein vitskapeleg artikkel som er publisert i PNAS.

Ein av tinga forskarane meiner har «skulda» for ulikheiter i levealder er sigarettar. Dei meiner ulike røykevanar kan forklare 30 prosent av forskjellane mellom kvinner og menn.

LES OGSÅ: To veker i senga kan gjera unge 50 år eldre

Hjartesjukdommar
Den andre og viktigaste årsaken dei nemner er hjartesjukdommar. Då infeksjonssjukdommane etter kvart vart mindre farlege for oss tok hjerte- og karsjukdommane over som den viktigaste dødsårsaken. Forskning.no skriv at desse sjukdommane ikkje utgjorde ein like stor risiko for kvinner, noko som kan henge saman med ulik livsstil og forskjellar i kroppen. Kosthald og aktivitetsnivå har endra seg drastisk gjennom tidene.

– Vi antyder at menn ikkje berre hadde større endringar i kosthaldet og energiomsetninga enn kvinner, men at menn også hadde ein større underliggande biologisk sårbarheit overfor desse endringane, skriver Beltrán-Sánchez og kollegaene i PNAS, og forklarer:

Nokre genar på mannen sitt Y-kromosom er til dømes både assosiert med hjartesjukdom og med immunsystemet. Ein kan tenke seg at slikt gen i utgangspunktet var meir nyttig enn skadeleg då infeksjonssjukdommar var den største trugselen. Men då det blei færre infeksjonar, og hjartesjukdom segla opp som den viktigaste dødsårsaka, blei genet kanskje ei ulempe.