Sp vil ha slutt på billegsal av kjøt
Norske butikkar sel kjøt med tap for å lokka til seg kundar. Andre varar subsidierer tapet. Dette vil Senterpartiet ha ein slutt på.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det er NRK som fredag melder om dette.
– Det vert for gale når du kjøper ribbe til 19,90 og brukar det til dyrefôr. Det øydelegg statusen til varene, og i ei verd med for lite mat er det heilt forkasteleg, seier Heidi Greni, stortingspolitikar for Senterpartiet.
LES OGSÅ: – Kjeldesortering hjelper ikkje miljøet
Framstegspartiet deler ikkje dette synet, og stortingsmann Oskar Grimstad synest det er viktig folk får billeg og godt kjøt.
– Alternativet er å dumpe det i utlandet. Forbrukarane er skattebetalarar som har vore med på å subsidiere bonden og dette er ei betaling tilbake, seier han til kanalen.
Greni meiner både forbrukarar og butikkar må vere meir merksame på kjøtdumpinga.
LES OGSÅ: Vil ha økologisk mat i vidaregåande skular
Ho meiner butikkane greier å løysa utfordringar om dei vert samde om det, og viser til 3 for 2-tilboda som butikkane forstod førte til meir kasting av mat.
– Det er utanfor ei kvar fornuft at Senterpartiet skal styre kva folk et, seier Grimstad.
Miljøpartiet Dei Grøne ønskjer mindre kjøtforbruk, og har difor gjort framlegg om å fjerne moms på frukt, grønt og økologisk mat. Samstundes vil dei ha høgare moms på kjøt som ikkje er økologisk.
– Haldningane til forbrukarane er nøkkelen til å få ned kjøtforbruket, og både reklame, kultur og politiske verkemiddel påverkar, seier førstekandidat for Miljøpartiet Dei Grøne i Oslo, Lan Marie Nguyen Berg til NRK.
LES OGSÅ: Jobbar for saktare mat