Språklovspreik, Melodikappleik med MGP-innslag, og kroning av den nye dronninga. Den harde kjernen i Målungdommen er samla på leir.

7.-12. juli er det sommarleir for Norsk Målungdom. I år har dei reist til Osterøy utanfor Hordaland – til eit typisk leirområde med dårleg mobildekning og Internett. Likevel fekk påtroppande leiar Synnøve Marie Sætre tatt seg tid til å fortelja korleis ein sommarleir for Målungdommen går føre seg.

LES OGSÅ: Frp-ar vil styrka nynorsken i Stavanger

– Ein heilt typisk dag startar med herleg frukost og trøytte folk, og så går me rett på programmet. Det er kompakt, men variert, med mange ulike ting ein kan velja å gå på. To paralelle økter går gjennom dagen, med litt for ein kvar smak. Nokre tunge og faglege innlegg, med alternativ som fotballkurs og musikksamling.

– Kva slår best an – det fagleg tunge eller fotballen?

– Me ser at folk er meir og meir interesserte i dei fagtunge innleiingane – det er typisk. Når folk er interesserte i det faglege, blir det òg meir av det. Men så er det òg ei fotballturnering, så ein må innom fotballkurset om ein skal vinna den.


Fotballturneringa er ein tradisjon. Foto: Jorunn S. Thingnes/Noregs Mållag

– Er det nokon viktige tradisjonar som må haldast ved like?

– Fotballturneringa er alltid med. Og så er det den store melodikappleiken på laurdag, under festmiddagen. Då lagar folk nye tekstar til gamle melodiar, og det er ofte veldig underhaldande. Der får me alt mogleg av musikk. Dei siste åra har ein deltakar laga tekstar til årets Grand Prix-låter. Elles høyrer me mange klassiske poplåter, og nokon tek føre seg folkemusikken.

– Tilbake til programmet – kva er høgdepunkta i år?

– I går hadde me Trine Skei Grande på besøk, det var veldig stas. Ho snakka om språklova, som er blant hovudprioriteringane i programmet vårt. Ho meiner mykje av det same som me meiner, og det var fint å få tips om korleis me kunne påverka språklova. Og så er det litt stas med kjende folk.

LES OGSÅ: – Målungdommen er førsteprioritet


Venstre-leiar Trine Skei Grande vår på sommarleiren til Norsk Målungdom for å snakka om språklova. Foto: Jorunn S. Thingnes/Noregs Mållag

– No såg me nett Anne Mette Sunde (språkprofessor ved NTNU, jour.anm) som fortalde veldig underhaldande om komplekse, språklege fenomen, om endringa i norsk på grunn av engelsk, samstundes som ho viste fram mykje språk i gamer-kulturen blant norske spelarar. Det er veldig underhaldande å sjå – det slo nok godt an for både språkinteresserte og datainteresserte.

– Er sommarleiren ein stad der ein samlar seg rundt leirbålet og diskuterer strategiar for å promotera nynorsken?

– Det er ikkje så mykje strategi – men samstundes håpar me litt samtale rundt emnet bidreg til å gjera folk tryggare i saka si. Men folka som er på sommarleir er kjernen i Målungdommen– dei er ganske gode på det frå før. Men det er fint å friska opp, kanskje få nye argument og vinklingar.

– På laurdag blir du offisielt ny leiar av Norsk Målungdom. Er det noko du ser fram til?

– Ja, det gjer eg. Me brukar kanskje mest tid på å ta farvel med dei gamle – med talar og slikt frå dei som går ut. Så er det alltid ein konkurranse mellom dei som går ut og dei som kjem inn. Det brukar å vera artig – så det blir ikkje så mykje merksemd på meg.


Samhaldet skal vera bra på leir. Foto: Jorunn S. Thingnes, Norsk Målungdom

– Korleis er dagens Målungdom?

– Dagens målungdom er ein utruleg samansett gjeng. Her er folk frå heile landet, og me er veldig ulike – både i spreiing i alder og i kva folk driv med. Det er fint å sjå at så mange ulike folk samlar seg rundt nynorsken og målungdommen. Det karakteriserer vel Målungdommen best – ei samansett gruppe som samlar oss om det språket me likar best.

– Er samhaldet bra?

– Veldig bra. Kjerna møter alltid opp, og så kjem det nokre nye. Eg trur det er kjekt å både vera gamal travar og å vera ny. Det skal vera så lett som mogleg å komma inn i gruppa, og det trur eg det er òg.
Sommarleiren til Norsk Målungdom blir avslutta førstkommande søndag, 12. juli.

LES OGSÅ: 4 millionar til språktiltak

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.02

LES OGSÅ

ANNONSE