Lurar du på kva du skal legge på grillen i sommar? Prøver du kanskje å velge eit miljøvennleg alternativ, men vil ikkje bli heilt grøn? Då er sild og makrell noko for deg.

Det slår Erik Skontorp Hognes fast i ein artikkel frå SINTEF.
– Nordmenn er jo gærne etter å grille. Av alle små ting vi kan gjere for klimaet i kvardagen er kanskje det aller lettaste å erstatte raudt kjøt med sjømat, meiner Hognes, som minner om at 14 prosent av klimautsleppa kjem frå matproduksjon av husdyr.

LES OGSÅ: Det er ikkje dyr alt som kan grillast

Lett å fange = lite drivstoff
Hognes syns sild og makrell er undervurdert matfisk og listar opp fleire gode argumenter for å velje akkurat dei to typane.
– Det er kortreist mat, med gode bestandar langs heile den norske kysten. Då dei vandrar i enorme stimar er det enkelt å fange mykje på ein gong. Det gjer at det vert brukt lite drivstoff samanlikna med fangst av annan fisk. Ein ekstra bonus er at det noko av det sunnaste du kan ete. Dette er fisk med høgt innhald av omega3 og lite miljøgifter.  

Fiskerist er essensielt
Sintef har også prata med Keun Robert Buran. Han er kokk og har fleire råd til korleis ein kan å få maks utbytte av dei to fiskeslaga.

– Sild og makrell er så feite at dei bør grillast i kort tid over høg varme. Det går faktisk raskare å steike ein heil makrell enn å varme nokre pølser, seier han.

Det er viktig å skrape skinnet på silda og bruke fiskerist medan ein held på.

– Fisk rett på grillen kan vere vanskeleg, for den set seg lett fast. Men med ei fiskerist eller ved å surre litt hyssing rundt fisken vert det ein sikker suksess, seier Buran.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.02

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE