Den økonomiske krisa blant danske bønder er langt verre enn tidlegare antatt. Låge prisar på svinekjøt og mjølk skaper raude tal for mange.

NPK-NTB-Ritzau
NPK-NTB-Ritzau

Det skriv den danske avisa Berlingske , som baserer seg på tal frå Landbrugets Finansieringsbank. Han fastslår at den tidlegare oversikta til regjeringa over talet på danske landbruk med høg gjeld og låg likviditet er gal.

LES OGSÅ: Jaktar på kvinnebonden

– Dei 1.700 (regjeringsanslaget red.anm.) er i underkant. Vi er nok tettare på at ein tredel av bøndene har problem med å betale gjelda si, seier bankdirektør Jesper Lyhne til Berlingske.

– Altså er det 3.500 som har same problem som Hellas. Dei kan ikkje få inntekter og utgifter til å henge saman og kan umiddelbart ikkje låne meir, seier han.

LES OGSÅ: Fryktar bonde-kannibalisme

Årsakene til at gjeldskrisa blant bøndene har forverra seg, er fleire. Lyhne peiker på den aktuelle russiske boikotten av vestlege matprodukt, i tillegg til lågare mjølkeeksport til Kina.

Landbrugets Finansieringsbank oppfordrar bankane til å finne løysingar som kan redusere gjelda og redde nokre av dei dyktige bøndene. Nyleg vart det kjent at ein bonde frå Jylland hadde fått ettergitt ei gjeld på cirka 100 millionar danske kroner av banken sin. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.02

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE