Åtvarar mot veksesmerter i festival-Noreg

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Festivalar blir for store

I fjor selde Malakoff i Nordfjordeid 22.000 billettar, og er med det ein av dei største festivalane på Vestlandet. Dei har kring 10.000 på festivalområdet kvar dag.

– Me sette tak i fjor. Me har ikkje overnatting til fleire, seier festivalsjef for Malakoff, Arnt-Ivar Naustdal.

– Me kunne nok fått plass til fleire på festivalområdet, men me vil prioritera den gode festivalopplevinga, seier han.

Enorm vekst
Tysnesfest opna onsdag, og har òg hatt ein enorm vekst sidan starten. I 2007 selde dei 2400 billettar. Sju år seinare selde dei 23.000 billettar. Ein dag før festivalen opna i år låg dei 20 prosent framfor fjoråret.

– Kapasiteten på øya har nådd høgdepunktet. Me er nøgde med storleiken me er på no, seier festivalleiar Sigvard Madsen. Han har plass til fleire på konsertane, men når det gjeld overnatting og plass til alle tilreisande til kommunen med knappe 3000 innbyggjarar, byrjar det å bli trongt.

Tysnesfest er like mykje folkefest som musikkfest. I år har festivalen leigt inn eit flytande hotell med 66 rom. Og dei har laga sin eigen Ta sjansen-konkurranse. Tom Jones, Carola og Åge Aleksandersen toppar lista over artistar som kjem.

– Det er kaoset utanfor konsertane som gjev oss mest arbeid, innrømmer Madsen.

Veksesmerter
Håkon Vatle er leiar for Stordfest, bransjefestivalen 100 dagar og har òg vore festivaladmiral på Tall Ships Race i Bergen.

– Dess større festivalar, dess større kostnader – dess fleire som vil ha ein bit av kaka. Det er klart dette kan slita på frivilligheita, seier han.

– Det er fleire som kan oppleva klassiske veksesmerter ved at dei prøver å gapa over for mykje, seier han og synest det er kult at Tysnesfest har sett tak på kor store dei vil vera.

LES OGSÅ: Manglar eigen festivalpolitikk

Skryt over godt samarbeid
På Tysnesfest er det frivillige lag og organisasjonar som stiller opp som frivillige på festivalen. Totalt er det 600 frivillige i sving.

– Dette gjer at idrettslag og korps slepp å ha loddsal. Dei får noko igjen for det, seier Sigvard Madsen i Tysnesfest.

Men han legg til:

– Det skal mange frivillige til for å ta seg av dei frivillige.

Tysnesfest held no på med å laga ein handlingsplan for korleis festivalen skal sjå ut etter ti år.

– Festivalen vil leva så lenge samfunnet vil, seier Madsen.

Han skryt av eit veldig godt samarbeid med kommunen som forpliktar seg til å støtta festivalen for tre år av gongen.

LES OGSÅ: Silja Sol er årets vestlandssatsing

_MG_0569
Festivalsjefane Toffen Gunnufsen og Sigvard Madsen under bransjetreffet 100 dagar tidlegare i år.

– Kort veg frå idealist til idiot
Toffen Gunnufsen var med på å grunnlegga Hovefestivalen i Arendal og blei kjent for arbeidet med den store Quartfestivalen i Kristiansand. Han leier no arbeidet med Skral festival i Grimstad som går føre seg i Grimstad 14. og 15. juli. Festivalen blir ein mindre festival, men kan likevel skryta av Röyksopp, D’Angelo and Vanguard, Mew og Matoma på plakaten.

– Å laga festival for maks 6-8000 i publikum kvar dag er perfekt. Er det større enn 10.000, så blir det for stort, sa han til Framtida.no då han vitja bransjefestivalen 100.dagar tidlegare i år. I dag er det berre Øyafestivalen i Oslo som er større enn dette, med 16.000 kvar dag i 2014.

– Blir det heile ein bedrift, så blir det vanskelegare. Det skal jo vera sosialt. Sit du som frivillig i ein spisesal med 600 andre, så stiller ein seg gjerne spørsmålet; kvifor er eg her?

Skral festival har ikkje hatt nokon problem med å få nok frivillige i år.

LES OGSÅ: Utkantfestivalar med suksess

Mindre risiko
Karen Sofie Sørensen er dagleg leiar i Brak, interesseorganisasjonen for det rytmiske musikkmiljøet i Hordaland og Sogn og Fjordane.

Ho understrekar at det er mindre risiko for mindre festivalar og at det kan vera lettare å få folk med på dugnad når festivalane er mindre. Ho viser òg til at fleire festivalar på Vestlandet har naturlege avgrensingar som storleiken på festivalområdet og infrastruktur.

– Festivalar på Vestlandet kan vera veldig avhengige av vêret, legg ho til.

Tidsavgrensa frivilligheit
Ivar Eimhjellen er forskar ved Rokkansenteret og forskar på frivilligheit i Noreg. Han fortel at festivalane har hatt ein auke på frivillige, medan kulturfeltet samla sett har vore relativt stabilt.

– Frivilligheit som er over tidsavgrensa periodar aukar. Samtidig er det ei svakare kopling mellom organisasjonane og dei frivillige. Organisasjonane må handtera flyktige medlemmar, forklarer han.

Han kan vera einig i at om enkelte festivalar blir for profesjonalisert, så kan dette gå ut over frivilligheita.

– Det kan gå mot ein frivillig logikk som går ut over gleda ved å delta. Men samtidig viser det seg at dei frivillige ofte er meir nøgde i organisasjonar som har tilsette. Men kva som kjem først her er vanskeleg å seia. Det er jo ofte nokre kvalitetar med dei som veks seg så store at dei har høve til å ha tilsette, påpeikar Eimhjellen.

_MG_0560
Frå venstre: Håkon Vatle i 100 dagar og Stordfest, Trude Storheim i Vossajazz, Tysnes-ordførar Kjetil Hestad og fylkeskultursjef Anna Elisa Tryti under debatt på 100 dagar.