Utkantfestivalar med suksess

Festivalsjefar i Sogn og Fjordane jublar etter ein rekordsommer, der dei drog 5.000 fleire besøkande enn i fjor.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Samla hadde dei fire største festivalane i fylket – Utkantfestivalen, Malakoff Rockfestival, Førdefestivalen og countrytreffet på Breim – et publikum på 75.000, melder NRK.no.

Sjølv om Vestlandet har hatt det finaste sommarvêret på fleire år, trur sjef for Utkantfestivalen, som trakk 14.000 publikummarar med artistnamn som Sivert Høyem, Violet Road, Lars Vaular, Jonas Alaska og Ida Maria, at det ikkje berre er vêret som har vore avgjerande for besøksrekordane.

– Alle som driv med festivalar i dag er blitt litt meir profesjonelle enn det vi kanskje var for nokre år sidan. Vi er flinkare til å selje billettar, og programma er blitt betre, seier Viggo Randal ifølgje NRK, og får medhald av Malakoff-leiar Arnt-Ivar Naustdal, som også trur kvaliteten på festivalen er viktigare enn vêret.

– Eg har stor tru på kulturen for å gå på kulturarrangement, seier Naustdal, som peiker på at førehandssal er det viktigaste, men at «dei siste 1.000 kjem jo med fint vêr». (©NPK