Dei fleste som er kjende med båtlivet seier dei ville gripe inn eller varsla politiet om dei såg ein rusa båtførar.

NPK-NTB-Mette Estep
NPK-NTB-Mette Estep
Faktaboks

Haldningar til promille på sjøen

Haldninga til promille på sjøen er skjerpa i Noreg dei siste ti åra. Likevel er minst kvar fjerde som døyr frå fritidsbåt alkoholpåverka.

Mykje tyder på eit sprik mellom haldningar og kva folk gjer i praksis.

Rundt 100.000 personar har opplyst at dei førte fritidsbåt med promille i fjor.

Haldningane varierer noko med bakgrunn og kjønn.

Blant personar med utdanning på grunnskule- og vidaregåande nivå seier 7,7 prosent at dei ikkje ville teke affære om dei så ein rusa båtførar, medan berre 3,7 prosent av personar med høgskule- eller universitetsutdanning seier det same.

8,4 prosent av mennene seier dei ikkje ville gjort noko, medan berre 0,9 prosent av kvinnene ville stelte seg passive.

Blant personar med husstandsinntekt under 500.000 kroner svarar 12 prosent at dei ikkje ville teke affære, medan berre 2,5 prosent av dei med inntekt over 1 million seier det same. (Kjelde: Alkovettorganisasjonen AV-OG-TIL, undersøking gjennomført av Ipsos MMI i mai 2015 med 516 respondentar som disponerer eller eig fritidsbåt) (©NPK)

LES FAKTALUKK FAKTA

I ei fersk undersøking frå alkovettorganisasjonen AV-OG-TIL seier 75 prosent av dei som har eller disponerer fritidsbåt at dei ville bede ein rusa båtførar om å la båten liggje, medan 30 prosent hadde teke nøkkelen frå vedkommande og 14 prosent hadde ringt politiet.

Rundt 17 prosent svarar at dei ikkje ville visst kva dei skulle gjere eller av andre årsaker ikkje ville gjort noko. Tal frå tidlegare undersøkingar i befolkninga generelt har vist lågare vilje til å reagere. Kampanjeleiar i alkovettorganisasjonen, Trude Gaare, meiner forskjellen kan koma av at dei som ikkje er båtvande trur båtføring er enklare enn det er.

– Båtfolk skjønar farane ved promillekøyring på sjøen og veit kor små marginane kan vere. Dei veit at det kan oppstå situasjonar som krev at båtføraren er årvaken og gjer gode vurderingar, seier ho til NTB.

LES OGSÅ: Nær éin av fem fryktar rusa båtførarar

Får få tips
Etter ein kald og grå forsommaren slo knallvêret til i store delar av landet sist onsdag. Då fekk hamnepolitiet i Oslo politidistrikt fort mykje å gjere. På to døgn midt i veka kontrollerte deira einaste politibåt 80 fritidsbåtar for fart og uvettig køyring. Det vart 21 åtvaringar om flyteutstyr og 12 åtvaringar for høy fart, og dessutan ytterlegare sju åtvaringar for mangel på båtførarbevis og aktlaus ferdsel.

– Me skreiv ut elleve førelegg og deltok i fire redningsaksjonar og søk, for å nemne noko. Dette er høge tal, seier politiførstebetent Inge Solberg i hamnepolitiet.

Omfattande testing for promille har me ikkje nok tid til, noko Solberg orsakar:

– Me er svært takksame når folk ringjer til politiet og melder ifrå at dei ser ein rusa person skjene mot båten på brygga. Me kan ikkje vere overalt og få med oss sånt, så då er tips til god hjelp.

I Oslo kjem tips frå publikum inn til operasjonssentralen, som varslar hamnepolitiet:

– Oppfatninga her er at vi får for få tips om rusa båtførarar, og me ønskjer fleire. Me har båtpatruljar ute kvar dag og ønskjer å ta tak i problemet, me vil ikkje ha fulle båtførarar på fjorden, seier kommunikasjonsrådgjevar Roar Hanssen.

LES OGSÅ: Redningsselskapet vil ha strengare krav til båtførarprøven

Regionalt
Vestlandet er regionen der flest båtfolk seier dei ville reagert på båtfyll: Her svarar 83 prosent at dei ville sagt til båtføraren at vedkommande bør la båten liggje fortøydd, medan berre rundt 70 prosent i Midt-Noreg og Oslo ville gjort det same.

Det betyr ikkje at Oslo-folka ikkje bryr seg, dei vel berre å seie frå på annan måte. Så mange som 22 prosent i Oslo ville ha ringt politiet, eit tal langt høgare enn tilsvarande for resten av landet.

Det ser ut til at innbyggjarar i Oslo i større grad vil unngå nærkontakt med rusa båtførarar. Her er det nemleg berre 17 prosent som svarar at dei rett og slett ville teke nøkkelen til båten frå den rusa føraren. I resten av landet svarar rundt 30 prosent det same, med unntak av Nord-Noreg, der heile 42 prosent ville gått såpass drastisk til verks at dei hadde fysisk hindra båtføraren i å køyre.

– Dette heng nok saman med moglegheita for å kontakte eit hamnepoliti og seie ifrå. Det er ikkje overraskande at folk har lågare terskel for å ta saka i egne hender om det ikkje er politi tilgjengeleg, seier Solberg i Oslo Hamnepoliti.

LES OGSÅ: Kystverket vil ta lappen frå båtsyndarar

Denne norske kampanjen skapa åtgaum i USA: 

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.02

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE