Redningsselskapet vil ha strengare krav til båtførarprøven

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil ha strengare båtførarprøve

I dag får ein båtførarbeviset etter å ha gjennomført teorikurs og avlagt teoriprøve. Desse krava ønskjer Redningsselskapet å skjerpe, melder NRK.

LES OGSÅ: Badetrend breier om seg

Kommunikasjonssjef Frode Pedersen vil ha ein praktisk del der kandidatane må køyre båt med ein kvalifisert instruktør.

– Det finst mange store og raske båtar, og når vi veit at ein 16-åring på vegen er nøydd til å ha sertifikat for å føre ein 50 kubikks moped, er det på tide at vi også innfører betre opplæring og meir kunnskap på sjøen, seier han. (©NPK)

LES OGSÅ: Håvard bur i båt året rundt