Livreddande app-utvikling

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i Fjuken.

Det er firmaet Unified Messaging Systems AS (UMS) som saman med Svenska rådet för hjärt- lungräddning (HLR) har utvikla appen.

Bakgrunnen for å utvikle ein slik app er at ein kan redde mange liv dersom fleire folk med hjertestans får hjelp før helsepersonell kjem på staden. 

— Denne appen er nå teken i bruk i Stockholm, fortel Peder Sperstad. Blir det ringt etter ambulanse til ein person med mistanke om hjertestans, vil dei geografisk næraste som har denne appen, få alarm på telefonen sin. Appen vil fortelja kvar pasienten er, og kvar dei næraste hjertestartarane finst, forklarar Sperstad. Er det fleire «hjelparar» med appen i nærleiken, vil nokre få beskjed om gå direkte til pasienten, medan andre vil bli instruert om å hente kvar sin hjertestartar. Appen viser på eit kart kvar du til ein kvar tid er, og kor du skal gå – omtrent som når du legg inn ei rute på ein GPS.

All kyndig hjelp før helsepersonell er på plass er livsviktig, og svensk forsking syner at sjansen for å overleve blir dobla dersom ein får riktig fyrstehjelp før ambulansen kjem.

— Dei som får alarm på telefonen sin må fyrst stadfeste om dei tek oppdraget. Dersom einkvan trykkjer «nei», vil oppdraget gå vidare til andre. Systemet er bygd opp om ein server som held oversikt over kvar alle hjelparane er lokalisert til ein kvar tid. Systemet veit òg posisjonen til alle hjertestartarane, og opningstider dersom dei er inne i offentlege bygg. Systemet kommuniserer vidare direkte med alarmsentralen i Stockholm, og alarmsentralen sender signal til systemet vårt samstundes med at ambulansane får beskjed, fortel Sperstad.

LES OGSÅ: Svenske sms-ar reddar liv

Det er kun folk som er kompetente til å drive hjerte- og lungeredning som kan laste ned appen. Det er mange tusen som har kurs i bruk av hjertestartar og hjerte- og lungeredning i Stockholm, og systemet har eit register over alle desse.

Sjølv har Sperstad vore med å bygge opp og utvikle server-programvara som ligg i botnen for at appen skal fungere.

Styresmaktene i Stockholm har funne denne løysinga så tenleg at dei har teke han i bruk. Ennå er ikkje denne tenesta tilgjengeleg i Noreg, sjølv om teknologien ligg klar.

— Ein føresetnad for å kunne ta i bruk dette i Noreg, er å registrere alle som kan hjerte- og lungeredning og alle hjertestartarane, seier Sperstad.

Det arbeidet er det det offentlege som eventuelt må gjera.

Peder Sperstad tykkjer uansett at det er artig å arbeide med noko som kan påverke liv og helse. Det er heller ikkje noko i vegen for å sitja i Ottadalen å arbeide med informasjonsteknologi. Det kan gjerast frå kvar som helst – med eit oppegåande internett.

Peder Sperstad arbeidde tidlegare i firmaet CellVision, og jobba der i ei gruppe som vart kjøpt opp av UMS tidlegare i år. Han har også vore med på å utvikle sms-varslinga ved ein eventuell flodbølgje i Storfjorden. Skjer det noko med det skredutsette Åkneset, vil innbyggjarar og turistar langs fjorden få varsling på telefon.

LES OGSÅ: Legen erklærte Rune (37) død

Faktaboks

Slik gjev du hjelp ved hjartestans

1. Spør med høg stemme om personen er vaken. Rist eventuelt i han/ho og klaps forsiktig i andletet for å sjå om du får ein reaksjon. Om du får ein reaksjon, la personen liggje der han/ho ligg og ring 113.

2. Om du ikkje får nokon reaksjon, få nokre andre i nærleiken til å ringja 113. Rop om naudsynt «hjelp!» for å få merksemd. Gå raskt vidare til punkt 3.

3. Sørg for frie luftvegar slik: Legg personen på ryggen. Bøy hovudet forsiktig bakover og løft haka forsiktig. Det går greitt å gjere dette ved å leggje handa di på panna og to fingre under hakespissen.

4. Sjekk om personen pustar: Sjå på brystkassa, høyr etter pustelydar og kjenn om det er pust mot kinnet ditt. Bevisstlause personar som pustar, leggjast i stabilt sideleie. Ring så 113 om det ikkje er gjort.

5. Om personen ikkje pustar: Ring 113 om det ikkje er gjort. Begynn raskt å gje hjarte-lunge-redning medan du ventar på hjelp. Sjå nedanfor.

6. Om det er hjartestartar i nærleiken, og personar som kan betene denne, skal hjartestartaren nyttast i kombinasjon med hjarte-lunge-redning. Men ikkje vent på personen med hjartestartaren før du startar hjarte-lunge-redning. Gå i gang med det same!

Kilde: Landsforeningen for Hjerte og Lungesyke (LHL)