Svenske Manhal (22) vil skape positiv endring i samfunnet

Svenske Manhal Ahmed er ein av prisvinnarane i årets kåring av Nordic Pioneer 2023.

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

– Eg vil vise at kriminalitet ikkje er den einaste vegen, sjølv om folk trur det. Det finst ein veg ut for alle, seier Manhal Ahmed (22) på telefon til Framtida.no.

Ahmed er ein svensk filmskapar som har engasjert seg for å forandre biletet av heimstaden sin Dalhem i Helsingborg, som har hatt utfordringar med kriminalitet i mange år. Samstundes vil han vise oppveksande generasjonar at det er ein veg utanom dei kriminelle miljøa.

22-åringen laga først kortfilmen «I need help», ein komedie om ein gut som går til psykolog på grunn av aggresjonsproblem.

No er han i gang med filmprosjektet «Our choices», der han tek opp det kriminelle miljøet i Dalheim og følger ein ung mann som kjem seg ut av det.

Ahmed fortel at han sjølv har vore tett på tematikken i sitt eige liv, og at det er det som motiverer han til å fortelje denne historia.

Positive endringar

Nordic Pioneer Prize vert delt ut av organisasjonen Nordic Safe Cities, som jobbar for å skape trygge byar utan polarisering, hat og ekstremisme.

Nordic Safe Cities har 21 medlemsbyar i Norden. Prisen vert delt ut til fire nordiske ungdommar under 25 år, som jobbar for demokrati, likestilling, respekt og tillit.

– Vinnarane av prisen viser kor mykje ein ung person kan oppnå ved å ta til orde og handle for positive endringar i lokalsamfunnet sitt, står det i ei pressemelding frå Nordic Pioneer Prize.

– Det kjenst jättebra. Det er godt å få anerkjenning som viser at folk ser arbeidet du gjer, seier Ahmed om å få Nordic Pioneer-prisen.

Også norske Ella Marie Hætta Isaksen er ein av prisvinnarane.

Starta med ein draum

Ahmed og bestekameraten hans gjekk lenge med ein draum om å lage film, men visste ikkje korleis dei kunne gå fram for å realisere draumen. Då vart Ahmed gjort merksam på at den svenske Hyresgästföreningen (leigebuarforeininga) ønskte å starte ulike sosiale prosjekt i området.

Ahmed tok kontakt med foreininga. Han sa at dei hadde lyst til å lage film, og bad om hjelp til det.

Snart vart det danna ei aktivitetsgruppe med lokale ungdommar. Nokre av dei drog på kurs for å lære handverket, og dei fekk seg ein mentor frå filmindustrien.

Sidan har Ahmed arrangert filmleirar der tenåringar frå Dalheim kan lære om filmskaping og filmindustrien.

Viktig moglegheit

– Eg har lyst til å dele erfaringane mine. Det er kjekt å jobbe med det du likar å gjere, og det kjenst bra å kunne vidareføre det ein kan, seier Ahmed på telefon til Framtida.

– Denne moglegheita var viktig for meg. Å jobbe med film har vore ein draum for meg, og eg er veldig stolt av at eg har kunna gå den vegen.

Difor tenker han det er viktig å støtte dei lokale ungdommane som også ønsker å prøve seg i filmbransjen.

– Det er viktig å sysselsette ungdommane, og om dei ønsker å delta i film er det ganske viktig å ha ein sånn stad å gå til, seier han.

På leiren har ungdommane mellom anna lært om skodespel, regi, filming og klipping.

Må tenke kreativt

Som ung og relativt fersk filmskapar er det mange utfordringar han møter på. Nesten alt er nytt, ein må lære nye ting, det er vanskeleg å få finansiering og finne folk som kan bidra. Ahmed seier at det krev ein stor innsats og at ein må tenke kreativt.

Draumen hans er å halde fram vidare innanfor filmindustrien.

– No held eg på med «Our Choices», og målet er å få publisert den. Eg ønsker å satse vidare på langfilm, fortel han.

– Dedikasjon til å forbetre samfunnet

Sebastian Jørgensen er prosjektleiar i Nordic Safe Cities, organisasjonen bak Nordic Pioneers-kåringa.

Han slår fast at unge speler ei viktig rolle i dei nordiske landa.

– Årets vinnarar har vist ein inspirerande dedikasjon til å forbetre samfunnet, noko som skin gjennom i dei ulike engasjementa deira, seier han i ei pressemelding.


Mehl og Vedum på pressekonferanse om politiet

Justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl (Sp) vil ha strengare straff for barn og unge som gjennomfører kriminalitet.