Skal du på ein date eller kanskje eit jobbintervju i morgon? Hugs å legge deg tidleg i kveld. Opplagte personar blir nemleg oppfatta som både meir attraktive og meir suksessfulle av omgjevnadene.

At folk som er trøtte er lette å spotte er ingen overrasking, men korleis ser vi eigentleg på dei som sit der og gjespar i kontorfellesskapet? Det har Tina Sundelin ved Stockholm Universitet forska på i doktorgraden sin ved avdeling for psykologi.

–  Det fins mykje forsking på at søvnmangel har negative effektar, men lite på korleis omverda ser på den som ser trøtt ut. Vi ville finne ut om personar som ser trøtte ut også blir sett på med eit meir negativt blikk av andre, seier ho i ei pressemelding.

LES OGSÅ: Lyse kveldar påverkar nattesøvnen din

Kan gi eit spark bak
I forskinga vurderte ei testgruppe på 288 personar forskjellige bilete av 48 personar. Det var fleire bilete av kvar person, men kor mange timar dei hadde sove natta før varierte frå bilete til bilete. Testgruppa skulle vurdere personane etter faktorar som attraktivitet, helse, pålitelegheit, leiarevner, samt om dei ville ha omgått personen på bilete privat eller gitt dei ein jobb. Når personane såg trøtte ut vart dei vurdert meir negativt enn når dei såg opplagte ut.

–  Sjølv om vi veit at det er viktig å sove er det mange av oss som prioriterer vekk nokre av dei timane vi behøver. Forhåpentlegvis kan desse resultata bidra til at den nødvendige søvnen blir prioritert framfor andre og mindre nødvendige aktivitetar, seier Sundelin i pressemeldinga.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.02

LES OGSÅ

ANNONSE