Prestar truar staten med rettssak
Mange prestar opplever arbeidstida som grenselaus, seier leiar Martin Enstad i Presteforeningen.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Presteforeningen og Fagforbundet Teologene har gjennom vinteren og våren vore i samtaler med motparten sin på arbeidsgivarsida, kyrkjeavdelinga i Kulturdepartementet, men konflikten er framleis ikkje løyst, skriv Vårt Land.
LES OGSÅ: For få kjenner prestekallet
– Haldningane i kyrkjeavdelinga verkar steile og i utakt med tida. Det synest å vere fastlåst, og når dei ikkje vil ha ei løysing er det sjølvsagt vanskeleg for andre departement å overprøve kollegaene sine, seier leiar Anders Folkestad i arbeidstakarorganisasjonen Unio, som representerer presteforeininga i Den norske kyrkja.
– Alt tyder på at viss ikkje regjeringa endrar posisjon, endar dette i Arbeidsretten, seier Folkestad.
Leiar i Presteforeningen, Martin Enstad, meiner rammeverket for å få til den avtalen prestane ønskjer seg allereie finst gjennom arbeidsmiljølova og hovudtariffavtalen i dag.
– Vi ønskjer oss ikkje ni-til-fire-prestar, men det er viktig for oss å få ei ramme rundt arbeidstida vår slik at vi kan vite når jobben er gjort.
Fungerande ekspedisjonssjef ved kyrkjeavdelinga i Kulturdepartementet, Torbjørn Backer Hjorthaug, seier dei er opptatte av ordna arbeidsforhold.
– Men vi meiner at ordningar som regulerer prestetenesta må ta omsyn til eigenarten til presteyrket, seier han til Vårt Land. (©NPK)
LES OGSÅ: Prestane seier ja til å vie homofile