4 millionar til språktiltak

Kulturdepartementet ynskjer å styrke norsk språk, norske minoritetsspråk og norsk teiknspråk.

Ida Bergitte Andersen Hundvebakke
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kulturdepartementet lyser ut fire millionar kroner i prosjektmidlar til oppfølging av språkmeldinga. Dei fire millionane kjem i tillegg til eigne midlar Språkrådet forvaltar for å samle inn stadnamn. Det skriv departementet i ei pressemelding.

– Språket er vårt viktigaste kulturuttrykk og identitetsmerke. Eg ønskjer med denne utlysinga å stimulere til prosjekt som kan medverke til å sikre posisjonen til det norske språket som samfunnsberande språk. Vi vil òg vurdere søknader som gjeld nasjonale minoritetsspråk og norsk teiknspråk, seier kulturminister Thorhild Widvey i meldinga.

Stor spreiing i tidlegare prosjekt
Målet med utlysinga er å styrkje norsk språk, minoritetsspråka i Noreg og norsk teiknspråk. Det kan søkjast støtte til alle slags tiltak som kan medverke til dette. Departementet skriv at dei frå tidlegare år har erfart at mange prosjekt er langsiktige og går over fleire år. Det er stor geografisk spreiing i søknadene. Blant søkjarane i fjor var språkorganisasjonar, universitet og høgskular, forlag, frivillige organisasjonar, stiftingar og aktørar i kommunal sektor.