Ti klimatips for betre helse

Vi får lungeproblem av luftforureining og vi dør av hetebølger. No har ei forskingsgruppe sett på reddande tiltak for helse og klode.

Ida Bergitte Andersen Hundvebakke
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tørke og flom, dårlegare avlingar, underernæring og vanskelegare tilgang til reint vatn. Når folk må flytte fordi klimaendringar øydelegg bustaden deira, vil presset auke på ressursane andre stader. Det kan bli fleire konfliktar og meir sjukdom. Dette er nokre av problema det medisinske tidsskriftet The Lancet presenterer, ifølgje Forskning.no

LES OGSÅ: Unge bryr seg meir om klima

Kommisjon

Forsøket på å bidra til løysingar har ført til at ei internasjonal gruppe forskarar har gått saman i Lancet commision on health and climate change. Allereie i 2009 konkluderte kommisjonen med at klimaendringar er den største trusselen mot helse i verden. Sidan har den forsøkt å finne ut kva vi kan gjere med det. No prøver ein ny kommisjon, beståande av forskarar frå ei rekke fagfelt i Europa og Kina, å gi svar.

LES OGSÅ: Dårleg debattklima om klima

Trugar med å øydelegge mange års arbeid

Klimaendringar trugar med å øydelegge for dei siste 50 åras arbeid for å betre global helse, ifølge Lancet-rapporten. Men forskarane er optimistiske: Gjer vi noko med klimaet, har vi også ein unik moglegheit til å betre folk si helse verden over.

Ein gjennomgang av forsking på helse og produktivitet som norske forskarar har gjort, viser i likheit med Lancet-rapporten konsekvensane for arbeidslivet. Helseproblem, som pustebesvær og nyreproblemer fra hetebølger, kan føre til at vi mister mellom 40 og 80 årsverk per 100.000 innbyggarar i Europa i 2100.

Det fortsett midlertidig at utsleppa av klimagassar fortsett å stige i dagens tempo dei neste hundre åra, noko som vil gi ei temperaturauke på mellom 3,5 og 4,5 grader. Verdas leiarar har sett eit mål om at gjennomsnittstemperaturen ikkje skal stige meir enn to grader, men det er usemje om kor fruktbart togradersmålet er.

Faktaboks

Lancet commision on health and climate change sine ti klimatips for betre helse

1) Investere i forsking på klimaendringar og helse. Og overvake utviklinga for å få ein betre forståing av helsefordelane ved å jobbe mot klimaendringar.

2) Meir pengar til helsevesenet, særlig i låginntektsland.

3) Slutte å bruke kolkraft. Ein rask utfasing av kol vil beskytte luftvegane våre og forebygge hjerte- og karsjukdommar.

4) Bygge byar som legg til rette for ein sunn livsstil: Energieffektive bygningar. Fleire grøne lunger. Aktiv transport som sykling og gåing kan i tillegg til mindre utslipp gi sunnare kroppsvekt og betre hjartehelse.

5) Utvikle eit velfungerande, internasjonalt karbonrekneskap.

6) Raskt auke tilgangen til fornybar energi i lav- og mellominntektsland.

7) Rekne på kostnadane vi kan spare ved mindre helsehjelp om færre blir sjuke som følgje av klimaendringar. Og kor mykje vi tener på auka produktivitet.

8) Samarbeid mellom helsedepartement og andre departement for å sikre at helse og klima er integrert i regjeringar sine strategiar.

9) Myndigheter må bli einige på eit internasjonalt nivå om ambisiøse og gjennomførbare mål for å redusere utslipp av klimagassar.

10) Ei uavhengig gruppe, leia av Lancet-kommisjonen, skal overvake utviklinga over dei neste 15 åra og halde myndigheiter ansvarlige. Resultata vil bli presentert annakvart år.