Investerte 300 mill. på ukjend grunn

Ida Bergitte Andersen Hundvebakke
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det skriv NRK Sogn og Fjordane i dag. Fjellet Mehuken ligg tett ved Kråkenes fyr, nord i Vågsøy. Toppen av fjellet er på 433 moh. I 14 år har investeringar i vindturbinar på nær 300 millionar kroner skjedd utan at ein har visst kor mange som faktisk eig området.

Lærdomen bør vere at ein sjekkar kven som eig kva før ein byggjer ut store område, meiner advokaten til grunneigarane.

– Det er ikkje berre fornuftig, men også noko ein må kunne forvente, seier Paul Inge Angelshaug til NRK.

Ingen grundig sjekk
Jordskifteprotokollane som ingen hadde sjekka grundig nok gav først for to år sidan eit nytt bilete av eigedomstilhøva, skriv NRK.

I fjor fastslo Nordfjord jordskifterett at mistanken var rett, i tillegg til gardane på Ytre Kvalheim og Myhre eig òg gardane på Indre Kvalheim grunn til nokre av turbinane. Saka vart etterpå anka til lagmannsretten, men i mai vart partane samde om eit forlik der jordskifteretten si utgreiing blir ståande.

– Denne prosessen viser at dei som skal i gang med slike utbyggingar har eit større ansvar for å sikre klårleik i slike spørsmål, seier Angelshaug til NRK.

LES OGSÅ: Statskraft skal vurdere vindkraft i Midt-Noreg på ny

Skal gjere avtalar med grunneigarar
Kvalheim Kraft lovar no å lage grunneigaravtaler på nytt slik at alle grunneigarane får kompensasjon i framtida, opplyser direktør Olav Rommetveit.

Også Fylkesmannen har gjort avtaler med feil grunneigarar til eit naturreservat som også er i området. Alt i 2013 sette NRK lys på saka, då uttalte miljøvernavdelinga at det ikkje er opp til dei å tolke kart og protokollar.

– Eg trur ikkje Fylkesmannen skal gå inn og lese jordskifteprotokollar, tolke kart og så vidare. Det er det ikkje vi som er den kompetente styresmakta til å gjere, sa rådgjevar Johannes Anonby til NRK.

LES OGSÅ: Statskraft opnar likevel for vindkraftprosjekt

Fylkesmannen har ikkje dårleg samvit
Framleis, og etter at tabben er endeleg avklara, vil ikkje Fylkesmannen ta kritikk på vegner av statsmakta.

– I og med at både grunneigar og kommune tok feil, trur eg ikkje Fylkesmannen skal ha dårleg samvit for at vi ikkje visste det dei andre ikkje visste, seier Anonby ved miljøvernavdelinga.