Rekordauke for BSU

I første kvartal vart det sett inn 600 millionar kroner meir på Bustadsparing for ungdom enn i same periode i fjor.

Ida Bergitte Andersen Hundvebakke
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Tre av fire med BSU-konto sette i fjor inn penger på kontoen. Skattefrådraget, den høge BSU-renta og eit sterkt fokus på behovet for egenkapital ved boligkjøp gjer at BSU-innskota auker kraftig, sier Rolf Mæhle, fagsjef i Finans Norge i ei pressemelding.

38 milliardar i BSU
Ifølgje tal frå SSB utgjorde BSU-innskota 38 milliardar kroner ved utgongen av mars i år. 76 prosent av BSU-brukarane fortel at dei sette inn pengar på kontoen i løpet av det siste året. Det syner tal frå Finansbarometeret som TNS Gallup har utført i samarbeid med Finans Norge. I 2012 var andelen 68 prosent.

Sterk vekst
– Veksten i BSU-innskot er langt sterkare enn andre bankinnskot. Tradisjonelt har mesteparten av innskota kome i desember, men den sterke veksten i årets tre første månadar kan tyde på at veksten no fordeler seg meir over heile året, seier Mæhle, og legg til:
– BSU-rentene er svært høge samanlikna med ordinære innskotssrenter. Om ein har høve er det derfor lønsamt å sette pengane på BSU-kontoen så tidlig som mogleg på året, seier Mæhle, som tipsar om at feriepengar er ei god kjelde til framtidig bustadsparing.