An apple a day keeps the hunger away. Eller?

Ida Bergitte Andersen Hundvebakke
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ny forsking syner at det kanskje ikkje er tilfelle. Nyleg kom det nemleg ei lita studie som peiker mot at karbohydratet fruktsukker ikkje gir den same mettheita som samanliknbare næringsstoff, som karbohydratet glukose. Dette skriv forskning.no.

Ulike blandingar
Det er Bettina Karin Wölnerhanssen frå Universitetssykehuset i Basel og kollegaene hennar som står bak forsøket. Tolv friske unge menn fekk sprøyta 300 milliliter med enten vatn, fruktosevatn eller glukosevatn ned i magen via ein slange. Kort tid etterpå målte forskarane reaksjonane i kroppen på fleire ulike måtar. Dei tok blodprøver som synte at nivåa av signalstoff, dei stilte spørsmål om kor mett deltagarane følte seg og dei målte aktiviteten i hjernen for å sjå korleis hjerneområda for tilfredsheit reagerte.

LES OGSÅ: Sukker gjer deg ikkje aggresiv

Fruktsukker hadde liten effekt
Forskning.no skriv at forsøket synte at glukosevatnet gav deltakarane ein følelse av tilfredsheit og mettheit, samstundes som at ønsket om å ete meir vart mindre. Når det kom til fruktosen var derimot utslaga minimale. Studien synte nemleg at sjølv vatn utan tilsetjing gav deltakarane mindre behov for å ete meir enn det fruktosevatnet gav. Forskarane har ein teori om at dette faktisk kan bety at fruktosen aukar behovet for å ete.

Må undersøkjast nærare
Wölnerhanssen og kollegaene åtvarar midlertidig om at dette berre er ei lita pilotstudie. Fleire forskarar må gjere liknande undersøkingar på fleire menneske før vi kan seie noko sikkert om saka. Dessutan bør man også teste effekten på kvinner. Ein annan merknad det er verdt å notere seg at det var 75 gram glukose i glukosevatnet, medan fruktosevatnet berre inneheldt 25 gram fruktose. Dette skuldast at kroppen har ulik evne til å ta til seg glukose og fruktose.