Yrkesfaglærar Henning Nordfonn (58) utdannar ungdom til olja – og rosar miljørørsla for å måle fanden på veggen.

mm

– Dette vert på ein måte eit tviegga sverd. Dei sterkaste miljøkreftene i Noreg seier jo at me må koma oss vekk i frå fossilt brennstoff som energikjelde, men igjen genererer det mykje jobb. Det har me jo sett dei siste dagane på Stord, der det har gått nesten frå å flagga på halv stang til full stang med å få kontraktar, seier faglærar på teknisk og industriell produksjon Henning Nordfonn (58).

Han snakkar om kontrakten der Kværner sikra seg oppdraget med å byggja plattformdekket til bustad- og utstyrsplattformen på Johan Sverdrup-feltet. Kontrakten har ein verdi på 6,7 milliardar og vil gje rundt 1500-2000 arbeidsplassar på det meste.

LES OGSÅ:«Shit, dette kjem til å skje»

Dilemmaet
Som yrkesfaglærar arbeider Nordfonn med å førebu framtidas arbeidarar på ein kvardag i industrien. For dei fleste står lærekontraktar høgare på agendaen enn miljøspørsmål, men på skulen lærer elevane tidleg at kjemikaliar, oljer, måling, spray og rustløysar skal i spesialavfall av omsyn til HMS-reglar og miljø.

Når det gjeld framtida i petroleumsbransjen i Noreg har Nordfonn eit større dilemma.

– Det er litt vanskeleg det der. Me kan ikkje snakka ned det faget, og den leverandørindustrien som me så sårt treng, så lenge me ikkje har funne noko erstatning. Så me snakkar nok mest opp desse jobbane, me gjer nok det, seier Nordfonn, som er klår på at olja kjem til å ta slutt ein dag sjølv om det tek lang tid.

LES OGSÅ:Tretten kommunar jobbar ikkje med olje

– Meir, meir, meir energi
58-åringen rosar dei norske miljøkreftene som i fleire tiår har fungert som vaktbikkjer og «måla fanden på veggen».

– Så er det andre sida, som er høgt utdanna og har forska på dette som meiner at så lenge me kan levera reinare kraft enn store delar av verda, så bidreg me til ei utvikling.

Stordabuen har stor tru på at me kan utnytta den billege norske vasskrafta betre enn i dag og peikar på at vindkraft er ei god energikjelde, sjølv om det per i dag går i underskot på grunn av norske straumprisar.

Optimismen knytt til fornybare energikjelder deler han med både elevane sine og brorparten av Noregs befolkning. Men når det kjem til energiforbruk i framtida ser han for seg at det kan bli behov for endringar.

– Me har jo heile tida behov for ny energi. Meir, meir, meir energi. Så me må kanskje sjå på alternativ. Er det mogleg å bremsa, slik at me ikkje heile tida må ha meir og meir energi?

LES OGSÅ: New York Times: Olje-Noreg er hyklersk

Skvisa sitron og CO2-fangst
Ofte kolliderer to mål: Profitt og berekraft.

– Det er ingen store land i dagens informasjonssamfunn som ikkje veit at dette me gjer no ikkje er bra. Men det er dette med kortsiktig profitt. Me køyrer på og ser kor mykje me får skvisa ut av denne sitronen her, det skal ikkje vere ein dråpe igjen.

Læraren frå Stord meiner at Noreg har gode moglegheiter til å bidra med teknologi, som bør gjerast tilgjengeleg i andre delar av verda og han trur ikkje milliardsummane som er brukt på forsøk med CO2-fangst og lagring på Mongstad er bortkasta.

–  Me må berre gje det tid, for det er visst ganske avansert å reinsa den gassen til ein pris som går an å leva med. Det meste handlar vel om CO2, som er klimagassen som gjer at me får oppvarming av kloden og at isen smeltar. Spesielt på Arktis. Eg trur ikkje det tek nattesøvnen frå så mange nordmenn for å vere heilt ærleg, men det burde kanskje gjort det.

LES OGSÅ:Amerikanske selskap i kø for å testa karbonfangst

Vatn på kjøkengolvet
Læraren har ikkje inntrykk av at klimaendringar er det som står høgast på agendaen til dagens ungdom, men han er ikkje uroa. Elevane hans er frå ein generasjon som har vorte oppseda på klima- og miljøomsyn.

Korleis vert framtida for hans eigne barnebarn? På privaten er klimaendringar er noko Nordfonn tenkjer mykje på.

– Eg bur tre meter frå sjøen, så viss havet stig med 50-60 centimeter så har eg plutseleg eit problem på kjøkengolvet mitt, ler Nordfonn, som likevel ikkje er uroa for at han får oppleva det.

Den globale havnivåstigninga har auka dei siste 200 åra. I perioden 1993 til 2010 steig det globale havnivået med vel 3 millimeter årleg.

Kor raskt og kor høgt havet vil stige er usikkert, men ifølgje forskarar ved Nansensenteret i Bergen akselererer stiginga med den globale oppvarminga.

LES OGSÅ: – Løft stemma, ikkje havnivået

Velstand, velstand
For sine eigne etterkommarar meiner han at framtida framleis ser ljos ut og peikar på at Noreg er velsigna med stabilitet og relativt lite arbeidsløyse.

– Og me har astronomiske summar på konto som dei fleste andre berre kan misunna oss, så me er fødd med ei sølvskei langt inni kjeften, seier Nordfonn, som ikkje er sikker på om ei velstandsauke er det me nordmenn treng.

– Snittet i Noreg har det skrekkeleg godt materielt. Eg er litt usikker på kor godt me har det med oss sjølv. Levestandard og livskvalitet har eg skjønt at over hovudet ikkje er det same, så eg trur me må byrja å sjå meir på livskvalitet. Dette jaget som me alle er ein del av må på ein eller anna måte flata ut, avsluttar yrkesfaglæraren.

GlokaltKlimaval

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.02
ANNONSE