Her spring ungdommen raskast
I år har Forsvaret hatt rekordmange søkjarar til sine leiarutdanningar. Dei aller raskaste kom frå Sogn og Fjordane.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
I alt 5424 norske ungdommar søkte i år om å få kome inn på Forsvaret sine leiarutdanningar. 22,9 prosent av desse var kvinner.
Begge deler er rekord.
– Med dette ser me ei positiv trend som òg har vart i nokre år. Det er ingen tvil om at det er attraktivt med ei leiarutdanning i Forsvaret, seier major Eivind Troøyen, stabssjef for Forsvarets opptak og seleksjon (FOS) i ei pressemelding.
LES OGSÅ: Forskar: – Forsvaret er prega av feminin åtferd
Spreke Sogn – treige Aust-Agder
Fram til 6. juli kjempar i alt 1424 ungdommar om nesten 600 skuleplassar på Forsvaret sine leiarutdanningar.
Søkjarane skal fordelast på åtte skular og i alt 22 linjer. Det varierer frå 12 månadars befalskurs til lengre tekniske utdanningar og høgskuleutdanningar.
I opptaksrunden har dei vorte testa fysisk i mellom anna 3000 meter, hang-ups, push-ups og sit-ups. Resultata var først publisert hjå NRK Sørlandet.
Her er landets sterkaste fylke målt etter snittet på søkjarane:
· 3000 meter: Sogn og Fjordane (12.12)
· Hang-ups: Troms (9,3)
· Pushups: Telemark (29,48)
· Situps: Østfold (45)
Her er landets svakaste fylke målt etter snittet på søkjarane:
· 3000 meter: Aust-Agder (13.22)
· Hang-ups: Østfold (7,5)
· Pushups: Aust-Agder (24,8)
· Situps: Vestfold (27,47)
Simen Rudi ved forsvarets opptak og seleksjon understrekar ovanfor NRK at tala berre er såkalla enkel forsking. Med berre 15 kandidatar hadde Sogn og Fjordane det minste utvalet, som til gjengjeld var godt budde.
LES OGSÅ: Trivst under streng disiplin