Får 45 av 500 nye studieplassar
Høgskolen Stord/Haugesund (HSH) får 45 nye studieplassar. Det betyr fleire framtidige ingeniørar.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
HSH er blant vinnarane når Regjeringa deler ut 500 nye studieplassar i revidert nasjonalbudsjett. Opptrappinga vil skje over fleire år, og gir høgskulen 10 til 12 millionar kroner ekstra i budsjettpotten.
– Me får 45 studieplassar, og oversikta viser at HSH er ein av dei institusjonane i landet som får flest plassar. Det gler me oss stort over, seier rektor Liv Reidun Grimstvedt i ei pressemelding.
Vil ha realistisk vekst
Oversikta som Kunnskapsdepartementet la fram sist veke viser at det berre er tre institusjonar som får fleire nye studieplassar enn HSH. Det er Universitetet i Bergen, NTNU og Høgskolen i Bergen. Det er innanfor teknologi/realfag og helsefag Regjeringa vil ha vekst og fleire studentar. Dei fleste av dei 500 nye studieplassane frå Regjeringa er målretta plassert til desse områda.
– Me er tildelt 15 studieplassar innan tekniske fag. Dei går inn mot den nye masterutdanninga vår i brannsikkerhet, som me startar i haust. Dei 30 andre studieplassane er såkalla strategiske studieplassar. Her er me den institusjonen i landet som får flest plassar. At dei ikkje er øyremerka gir oss ein fridom til å bruka dei til det beste for regionen vår, seier rektor Liv Reidun Grimstvedt.
– Møter signala frå Regjeringa
Ho fortel at HSH no jobbar med å få opp eit studietilbod innan ingeniørfag saman med arbeidslivet i Sunnhordland. Dei strategiske studieplassane vil gå inn der i denne omgang.
– Slik sett møter me signala frå Regjeringa. Dei peiker på at reduksjonen i offshore-aktivitet og fallet i oljeprisene har skapt trong for omstilling og ny kompetanse i arbeidslivet på Vestlandet.