Massoma Jurmy har ein beskjed til heile landet – ved å legge fordommane til sida, kan ein gi 8000 menneskjer eit nytt liv.

Massoma Jurmy bloggar på Bygdejenta.no
Massoma Jurmy bloggar på Bygdejenta.no

Henta frå bloggen Bygdejenta.no

Ei humanitær krise er i gang, og fleire enn nokon gong lever under nød og er på flukt. For oss som lever såpass langt vekke frå dei verste områda, er dette berre tal. Rein statistikk, som gjev oss ei nemning. Vi blir sjokkerte når vi høyrer talet. Nokre av oss løftar kanskje til og med brynet, og tek ein ekstra pust. Det er faktisk snakk om 60 millionar menneskjer, og skalaen stig for kvar time. For kvart minutt. Sekund.

Visste du at for kvart andre sekund, blir eit nytt menneskje drive på flukt?

LES OGSÅ: Fleire kommunar vil ta imot flyktningar

Stortinget i Noreg har no vedteke at vi i løpet av dei neste tre åra, skal ta imot 8000 flyktningar frå Syria. Det krev at kommunane tek ansvaret sitt. Dessverre, er mange kommunar imot då dei tenkjer det blir for ”krevjande”.

Eg tenkte å dele meininga mi, rett frå hjartet, usensurert, svart på kvitt. Mitt syn. Mine ord.

Kjære du, Ola Nordmann, som sit heime i den gode og varme stova di, medan du høyrar born i gata som ler og leikar. Latter. Glede. Kjærleik.

Kjære du,som ser på meg som ein innvandrar, flyktning, og ei byrde for samfunnet, allereie før du har høyrt namnet mitt.

Kjære du, som ser på flyktningar som ei rase for seg sjølv, som insekt som du aller helst vil bli kvitt, fortast mogleg.

Men der du ser born som leikar, ser eg born som døyr. Der du ser på meg, eller familien min som ei byrde for samfunnet, ser eg moglegheiter. Ressursar. Ei investering. Der du ser denne såkalla ”flyktning-rasa”, ser eg stort sett et ganske likt skjelett som ditt. Tru meg eller ei. Sannheita er at vi alle er laga av dei same byggjeklossane, med dei same kjenslene.

Så sei meg kvifor eg fortener å leve under eit bombehelvete?

Kjære du, som meiner at ”vi ikkje har plass til fleire flyktningar i kommunane”- ville du sagt det same om dine næraste var i Syria, og var desperat etter hjelp? Ville du då sett på dei som byrdar for samfunnet, som du ville ha piska bort som innsikter?

LES OGSÅ: Tre av fire kommunar tapar på flyktningar

Innvandring er godt for samfunnet vårt. Det er difor på høg tid med ein nasjonal dugnad, der vi kjapt finn ein heim til dei, i ei kommune dei kan føle seg velkomne i. Dess raskare dette skjer, dess raskare blir dei integrert og dermed, produktive ressursar for samfunnet, i staden for «ein kostnad». Med tida vil desse vere med på å farge samfunnet vårt med inderleg rikdom, ny kultur og nye verdiar, som vil vere bra for dei komande generasjonane i ei såpass globalisert verd som vi lever i, i dag. Ved sidan av arbeidskraft, treng Noreg fellesskap og samhald.

Poenget mitt er: ved å leggje fordomane til sida, kan ein gje 8000 menneskjer eit nytt liv. Det er snakk om ei investering, for når blomane har spira får Noreg igjen ressurssterke  personar, som vi er heilt avhengig av! I eit av verdas rikaste land, er det ikkje lenger snakk om kapasitet- det er snakk om å sjå på kvarandre som bror og søstrer, og ta i bruk viljestyrken. Vil ein, så kan ein.

Kjære Ola Nordmann, eg veit du kan så mykje betre! Dette er din tur til å vise det gode du har inni deg, og hugs å gjere det før det er for seint, for eg klarar ikkje å sjå at latter blir erstatta med hjelpelaus sorg.

LES OGSÅ: Noreg gir 750 millionar kroner til Syria-offer

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.02

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE