– Europa har eit grunnleggande demokratisk problem

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Grunnleggande demokratisk problem

NRK-journalisten og programleiaren for Urix har rapportert om konsekvensane av finanskrisa i Europa gjennom fleire år som Europa-korrespondent.

Det som først var eit spørsmål om bankar, lån og statsleiarar har blitt til ei økonomisk og sosial krise for vanlege folk i heile Sør-Europa.

Sterke inntrykk
Sist veke var Hege Moe Eriksen på Changemaker sin sommarleir på Halsnøy for å fortelja om krisa i Europa. Ho seier det har gjort eit sterkt inntrykk på henne å møta vanlege familiar som blir kasta på gata og unge som er utan jobb på grunn av dei økonomiske problema.

– Eg følte den spanske velferdsstaten gjekk i oppløysing rett framfor augo mine, fortalde ho, og viste reportasjen ho laga om den spanske familien til Azucena (29) som blei kasta ut av sin eigen heim av 50 politifolk.

I Spania og Hellas har arbeidsløysa blant unge vore oppe i 60 prosent på det verste, og framleis står halvparten av dei unge utan jobb.

Hege Moe Eriksen fortel om spanske Juan som har sju års høgare utdanning og som står opp om morgonen kvar dag, og går av garde til det folk trur er ein jobb. Han er for flau til å innrømma at han ikkje har nokon jobb og veit ikkje kva han skal gjera for å få endane til å møtast.

– Då spanske Røde Kors meldte om at det var 300.000 spanjolar som trengde naudhjelp, så var det eit sjokk for nasjonen, seier ho.

LES OGSÅ: Arbeidslaus og fryktlaus

– Blinde for det folk vil ha
– Mange land i Europa har mykje korrupsjon og tilliten mellom folk og folkevalde er tynnslitt, seier Hege Moe Eriksen og viser til større sosiale skilnader mellom folk og den styrande eliten.

Når lite skjer frå val til val, så fell tilliten til dei folkevalde og ein ser oppblomstringa til radikale parti både på venstre- og høgresida i politikken.

– Dette skjer når politikarane er blinde for det som folk vil ha, seier ho til Framtida.no.

LES OGSÅ: Heilt gresk for meg

Hege Moe Eriksen jobba som Europa-korrespondent i tre år. No er ho programleiar for Urix på NRK2.

LES OGSÅ: Ein beintøff jobb

Held ein knapp på Hellas
I sist parlamentsval i Hellas blei høgreekstreme Gyllent Daggry tredje største parti.

Venstreradikale Syriza fekk 149 av dei 300 seta i parlamentet og leiaren deira Alexis Tsipras blei vald til statsminister.

I desse dagar er det knyta stor spenning til om Alexis Tsipras klarer å bli samd med EU om nedbetaling av Hellas si enorme statsgjeld, eller om landet går ut av euroen og slår seg sjølv konkurs. Fredag stranda forhandlingane mellom Hellas og kreditorane i Det internasjonale pengefondet og EU, men måndag kom EU med eit nytt framlegg.

– Eg har alltid trudd at Hellas ikkje vil gå ut av euroen, og eg trur framleis dei vil halda seg til euroen, men eg tør ikkje spå. Eg held ein knapp på at dei blir, men det er framleis veldig skjørt, seier Hege Moe Eriksen.

Tidlegare var mange redde for ein smittefare: Dersom Hellas gjekk ut av euroen, var fleire redde for at dei ville dra med seg Spania og kanskje til og med Italia og Frankrike som også har stor gjeld.

– EU har mindre å tapa no sidan det ikkje er nokon smittefare no, seier Hege Moe Eriksen.

Men ho peikar òg på at samtalane som Hellas har med Russland er eit nytt moment. EU, og særleg USA, vil ikkje lika at Hellas knyter seg sterkare til Russland.

LES OGSÅ: Framtidshåp for Hellas i krise

– Må ta debatt i Noreg òg
– Eg føler Europa har kome i bakleksa og at verda går framfor oss, seier Hege Moe Eriksen.

Kina har blitt verdas fabrikk, og talet på industriarbeidsplassar som har flytta frå Europa har gått kraftig oppover sidan 2000.

– No stiller fleire og fleire europearar seg spørsmål: Kva skal me leva av? Dette er ein debatt me bør ta i Noreg òg, seier ho.

SKRIVEKONKURRANSE FOR UNGE: Kva skal me leva av i framtida?