Diabetes-råka over heile landet reagerer kraftig på forslaget til Helsedirektoratet om å endra på einskilde punkt i førarkortforskrifta.

Saka var først i Kvinnheringen

Helsedirektoratet har føreslått ei rekkje endringar i førarkortforskrifta. Folk med diabetes 1 er av dei som blir hardast råka av forslaget. I eit høyringssvar skriv Diabetesforbundet at det er sterkt kritisk til endringsforslaga, då det meiner dette inneber ei urimeleg innskrenking i høvet til dispensasjon for personar med diabetes.

— Dersom endringane blir vedtekne, vil det vera svært alvorleg og diskriminerande. Her skjer ein alle med diabetes over éin kam, og ikkje minst tar ein bort yrkesgrunnlaget for ei stor gruppe menneske, seier Bjarne Sjurstræ, leiar i Diabetesforbundet Indre Hardanger, der òg Kvinnherad er med.

Forslaget inneber at høvet for dispensasjon forsvinn på to viktige område. Den eine er for dei som treng køyresetel til å driva persontransport mot vederlag, altså bussjåførar, drosjesjåførar, trafikklærarar og slike grupper. I dag kan folk med diabetes få førarkort mot dispensasjon i denne klassen, men dette høvet vil forsvinna dersom endringsforslaget går igjennom.

Den andre innstraminga som er føreslått, handlar om tida ein blir fråteke førarkortet etter ein følingsepisode. Berre éi føling, uavhengig av kor personen er når den kjem, skal vera nok til å ta frå vedkomande førarkortet i tolv månadar, utan høve til å få vurdert situasjonen i løpet av denne tida. Årsaka til endringsforslaget grunngjev Helsedirektoratet i at ein vil auka trafikktryggleiken, og at 96 prosent av alle dispensasjonssøknader i dag blir innfridde. Diabetesforbundet meiner på si side at nettopp dette talet syner til at 96 prosent av dei med diabetes er godt skikka til å køyra bil, og at det difor blir veldig paradoksalt å strama inn på regelverket.

LES OGSÅ: Trafikk bør bli eige fag i skulen

Vanskeleg
Anette Wangensten (34) på Valen har diabetes 1. Ho er avhengig av bil for å få kvardagen til å gå opp. Deriblant køyrer ho barna til skule i Uskedalen kvar dag, og mannen jobbar i Nordsjøen, så annankvar månad er ho heilt åleine om alt ansvaret på heimebane.

– Eg er, som dei fleste andre med diabetes, ein ansvarleg sjåfør som alltid måler blodsukkeret før eg set meg i bilen. Går desse endringsforslaga gjennom, blir vi med diabetes fråtekne denne tillita. Ein har jo reglar for alle sjåførar om at ein ikkje skal køyra i rusa tilstand, og då må ein jo stola på at folk ikkje gjer det. Eg skulle ønskja vi med diabetes kunne få same tillita, seier Wangensten.

Ho seier at er svært vanskeleg å unngå føling dersom ein blir råka av omgangssjuke, og synest det er hovudristande at ein sjukeepisode heime i eiga seng skal kunna føra til at ho kan mista lappen i tolv månadar etterpå.

– Eg ser Diabetesforbundet fryktar dette vil kunne føra til at mange vil vegra seg mot å melda frå om følingsepisodar til legen sin, og det er ein frykt eg deler. Diabetes-sjuke er som alle andre avhengige av førarkortet sitt, påpeiker Wangensten.

2.-kandidaten til Kvinnherad Venstre har forståing for at forslaget til Helsedirektoratet botnar i at ein fryktar for trafikktryggleiken. Samstundes er det ingen statistikk som syner til at folk med diabetes oftare enn andre er involverte i trafikkulukker, noko også Diabetesforbudet peikar på.

– Eg ville aldri sett meg i bilen dersom eg kjente at ikkje forma var god. Dei fleste vaksne som lever med diabetes, kjenner kroppen sin og signala den sender godt. Ein set seg ikkje i bilen før blodsukkeret er på plass, akkurat som ikkje «friske» set seg i bilen med rus i blodet. Den tilliten meiner eg vi må få behalda, elles fryktar eg at det vil få mange vonde konsekvensar for folk med diabetes, seier Wangensten.

Ho får støtte av køyrelærar Hogne Gjuvsland i Husnes trafikkskule.

– Eg er meir uroa for alle som køyrer rundt i blandingsrus, enn ansvarlege diabetikarar, som tar vare på helsa si. seier han.

LES OGSÅ: Ein av tre er uoppmerksame bak rattet

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.02

LES OGSÅ

ANNONSE