Éin av tre er uoppmerksame bak rattet

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Éin av tre er uoppmerksame

‒ Rundt 30 prosent av alle trafikkulukker skjer fordi føraren er uoppmerksam. Å lese ein SMS medan du køyrer tek i snitt 23 sekund, og det er tid du ikkje følgjer med på vegen. Kvart sekund med uoppmerksamheit aukar risikoen for ulukker, seier direktør Jan Johansen i Trygg Trafikk i ei pressemelding.

LES OGSÅ: Vil redda unge liv i trafikken

Populær kampanje
Måndag lanserte dei kampanjen «Hold Fokus!», saman med Gjensidige. Den interaktive sosiale medier-kampanjen har fått mykje merksemd og skryt mellom anna på Twitter.


Kring 1,1 millionar nordmenn gjer andre ting medan dei køyrer bil. Målet med kampanjen er difor å endra haldningane til norske bilistar, og slik redusere talet på ulukker som følgje av førardistraksjonar.

I fjor omkom 147 personar i trafikken, og 674 vart hardt skada. Det aukande talet på eineulukker tydar på at fleire av desse skuldast ein uoppmerksam førar.

Totalt let 350.000 nordmenn seg distrahere av mobilen på køyretur. Det er særleg dette problemet Trygg Trafikk og Gjensidige vil til livs.

‒  Mykje tydar på at stadig fleire ulukker skuldast ulovleg bruk av mobiltelefon i bil. Difor satsar me saman med Trygg Trafikk på ein utradisjonell kampanje for å minna folk på kor farleg det kan vera å lesa ei tekstmelding i trafikken, seier konserndirektør Cecilie Ditlev-Simonsen, i Gjensidige.

LES OGSÅ: Handsfreepåbod har liten effekt

Rallyutfordring
Ein del av kampanjen, som er utvikla av PR-operatørene, går ut på at kjende personar frå norsk idrett og samfunnsliv får oppleva den interaktive kampanjen som krev både mobilnummer og Facebook-innlogging.

Rallyførar Mads Østberg var ein av dei som under lanseringa fekk utfordringa om å køyre gokart samstundes som han skreiv tekstmelding.

‒ Dette var utruleg vanskeleg. No køyrde me berre i 25 km/t, og det er skremmande at nokon gjer dette i 100 km/t på norske vegar. Det er nesten som å køyra med bind for augo, sa Østberg, som fekk seg ein tankevekkjar av kampanjen.