Ungdom på Stord veks opp i eit samfunn som i stor grad er avhengig av olje- og gassindustrien. Anna Sofie Ekeland Valvatne (17) er éi av dei.

Faktaboks

Usemja om klimaendringane handlar ikkje berre om vitskaplege spørsmål, men også om ulike verdiar og visjonar for framtida, ifølgje geografen Mike Hulme. Skal me respondere på klimaendringane på demokratiske og effektive måtar, må me ikkje berre forstå dei ulike konsekvensane av klimaendringane i ulike kontekstar. Me må også stille spørsmål som kva ansvar me har for framtidige generasjonar, kva verdiar me set høgst, og kva samfunn me vil leva i. Difor har me spurt ei rekkje ulike menneske frå ulike stader kva klimaendringane inneber for dei og kva håp dei har for framtida. Tankane og visjonane deira kan du lese her på Framtida.no i sommar. Først ut er Anna Sofie (17) frå Stord.

LES FAKTALUKK FAKTA

Ein tidleg måndags morgon i juli svingar ordførar i Stord, Liv Kari Eskeland, innom Framtida.no sin konferanse for ungdom på Høgskulen på Stord (HSH). Gledesstrålande kunngjer ho at den viktigaste bedrifta på Stord, Kværner, har vunne ein  milliardkontrakt på Johan Sverdrup-feltet.

– Gratulerer til alle, eg torer ikkje tenkja på kva alternativet hadde vore, strålar ordføraren, før ho feiar vidare.

Gratulasjonane strøymar inn og flagga vert heisa til topps. Stord er redda!

– Vi er sårbare
Nokre timar etter at ordføraren har gratulert ungdommane, humpar ei av dei ut i solskinet utanfor HSH på eit par krykkjer og med ein forstua fot. Anna Sofie Ekeland Valvatne (17) er nestleiar i Stord ungdomsråd og leiar i Stord Sosialistisk Ungdom.

– Klimaendringane er ei av dei største utfordringane i vår tid. Heilt klart. I dag er me ikkje særleg førebudd, og endringane kjem til å kome raskare enn me trur. Me lever i trua på at olja skal vare for alltid, og at dei som kjem etter oss sjølv kan finne noko anna å leva av om det vert tomt. Slik er det ikkje. Me treng nye energikjelder og nye arbeidsplassar, seier ho.

LES OGSÅ: Aarebrot: – Dårleg debattklima om klima

Dei aller fleste i Noreg veks opp i samfunn som i ein eller annan grad har ei tå i oljenæringa. Ikkje minst gjeld dette ungdommane i Rogaland, der 40 prosent av folket indirekte eller direkte arbeider med olje og gass, ifølgje ein rapport som International Research Institute of Stavanger (Iris) har laga for Norsk olje og gass.

Også i Hordaland er talet høgt, i overkant av 20 prosent. På Stord er ikkje Sverdrup-avtalen berre ein god grunn til å feire med kake. Den tydeleggjer også kor viktig olje- og gassindustrien er for området. Totalt vil opp mot 6000 personar ha jobben sin direkte eller indirekte knytt til milliardkontrakten.

Anna Sofie trur dei nære banda til olje- og gassindustrien kan hindra arbeid med å løysa klimaendringane.

– Mange av foreldra til venene mine jobbar i oljenæringa, og det gjer onkelen min òg. Me må finna alternative energikjelder, og det tydar at mange må finne ein annan jobb på sikt. Eg trur mange tenkjer at dersom me prøver å løysa klimaendringane så kjem dei til å miste jobben. Kanskje det stoggar mange frå å tenkja meir på nye løysingar, og det skjønar eg. Det er jo ikkje heilt usant. Me på Stord er jo veldig avhengig av Kværner, og me måtte jo nærmast ha lagt ned heile Stord om me ikkje hadde fått Sverdrup-kontrakten. Utan noko nytt å halda på med, er me veldig sårbare her. Difor må me byrja å finne alternativa, seier ho.

LES OGSÅ: Tretten kommunar jobbar ikkje med olje

– Treng pådrivarar
– Men kven skal finna alternativa? Og kva kan kvar enkelt av oss gjere?

– Personleg må me kjeldesortera, avgrensa forbruket av mat og klede, og sjølvsagt ikkje forsøpla. Eg er også aktiv i eit parti som vil jobba for å finne nye energikjelder og opplysa om klimaendringane. Mange andre gjer slike ting, som klimaforskarar og Regnskogfondet. Å syna ei interesse for å finne nye løysingar trur eg kan bidra mykje, seier Anna Sofie.

Politikarane si rolle må vera å opplyse folket om klimaendringane og løysingane som er i ferd med å verte utvikla, meiner ho. Dei må inkludera folket i avstemmingar, innføre tiltak og binde seg til internasjonale avtalar. Men det er næringslivet som spelar den største rolla i puslespelet, trur 17-åringen.

– Dei har mest å vinna på å finne nye løysingar. Det er der arbeidsplassane ligg, og det er der problema er størst. Dersom dei er ein pådrivar, trur eg dei sjølve har mest å vinna på det, seier Anna Sofie. 

LES OGSÅ: Vinlandet Noreg

Vil ikkje leve i ei fortidsverd
– Kva samfunn håpar du at me lever i om 50 år?

– Eit samfunn som har funne eller er på god veg til å finna nye løysingar. Kanskje har me løyst problemet med kvar folk i oljenæringa skal jobba. Me har framleis ein god økonomi, men lever av noko anna enn olje. Kanskje held me på med havbruk, vind- eller vassenergi. Eg håpar at folk då prioriterer andre ting enn å kjøpa og kjøpa, og kasta og kasta – utan at me skal leva på grovt brød og vatn.

Sjølv om ho løftar fram klimaendringane som viktige, peikar ho på at ho ikkje plar gå rundt å tenkje over dei. Det er ikkje dét ho og venene snakkar om. I natur– eller samfunnsfagstimane på skulen derimot, er klimaendringane eit tema. Der er dei fleste einige i at noko meir må gjerast, ifølgje Anna Sofie.

– I timane verkar det som at alle mine jamaldringar er på same side. Me meiner det same og har dei same forslaga til tiltak. Det gjev meg håp, seier ho.

– Ungdom er jo framtida. Me vil helst ikkje leva i ei fortidsverd. Kanskje må me finna alternative utdanningar i staden for å verte petroleumsingeniørar. Det er me som må jobba med å byggja opp vindmølleparkar og vasskraft, slik at me får Noreg ut av fortida. 

LES OGSÅ: Vil kopiera bysykkelsuksess

GlokaltKlimaval

Fram mot valet i haust fokuserer Framtida.no, saman med Bladet Sunnhordland og Grannar, på klima og det grøne skiftet. Artikkelserien er støtta av Fritt Ord.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.02
ANNONSE