Nederland dømd til å kutta klimagassar

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dømd til å kutta klimagassar

Klimaforkjemparar i Nederland har vunne ein stor siger, skriv New York Times. Retten i Haag konkluderte i dag med at myndigheitene i landet har eit ansvar om å verna folket sitt mot farar, som til dømes klimaendringar og auka havnivå. Rettssaken vart starta av organisasjonen Urgenda, som gjekk til retten på vegner av 900 nederlendarar.

LES OGSÅ: Miljøparagrafen er ikkje symbolsk

Marjan Minnesma er leiar i organisasjonen, og er naturleg nok nøgd med dommen. Han meiner dommen kan legga grunnlag for liknande avgjersler over heile verda.

– Dette er ein stor siger. Dommaren sa akkurat det me ville, og han hadde både motet og visdommen til å seia at regjeringa har eit ansvar for å ta vare på innbyggarane, sa Minnesma, ifølgje New York Times.

– Kan skje i Noreg
Sjølv om dommen er uvanleg, er det ikkje heilt umogleg at noko liknande kan skje i Noreg. I Grunnlova står § 112 som seier at alle har rett til eit helsesamt miljø og ein natur der produksjonsevna og mangfaldet blir haldne veg lag (sjå faktaboks).

Høgsterettsadvokat Pål W. Lorentzen har tidlegare sagt til Framtida.no at paragrafen ikkje er symbolsk, sjølv om den ofte blir rekna som det.

– Paragrafen kan nyttast i søksmål, men eventuelle søksmål må vera forankra i konkrete situasjonar. Her er det ein jobb å gjere for å finna ut kvar og når paragrafen kan nyttast, sa Lorentzen.

Han meiner likevel det ikkje er lett å saksøka den norske staten for å medverka til global oppvarming med klimagassar.

– Nei, det blir for vagt. Dersom staten gir løyve til oljeutvinning i Lofoten kan det derimot tenkjast at paragrafen kan nyttast. Domstolane må handsame kvart konkrete rettstilfelle, for å finne ut korleis paragrafen kan brukast, sa Lorentzen.

Med andre ord – det er ikkje heilt umogleg å stabla på beina eit liknande søksmål her i landet.

LES OGSÅ: Utan Kina, inga klimaløysing

Kan anka
Dommen i Nederland er ikkje sett i stein, sjølv om klimarøyrsla jublar – nederlandske styresmakter er ikkje pliktige til å kutta klimagassane sine med 25 prosent enno. Sidan dommen kom i ein lokal rett i Haag, har styresmaktene høve til å anka, om dei ønskjer det.

Verken New York Times eller BBC har fått ein kommentar frå nederlandske styresmakter om dommen enno. BBC skriv at liknande rettssaker er i gang både i Belgia og Filippinene – to land som også er ekstra sårbare dersom havnivået skulle stiga som ei følgje av klimaendringane.

LES OGSÅ: «Pausen» i global oppvarming

Faktaboks

Grunnlova § 112

Alle har rett til eit helsesamt miljø og ein natur der produksjonsevna og mangfaldet blir haldne ved lag. Naturressursane skal disponerast ut frå ein langsiktig og allsidig synsmåte som tryggjer denne retten òg for kommande slekter.
Borgarane har rett til kunnskap om korleis det står til med naturmiljøet, og om verknadene av planlagde og iverksette inngrep i naturen, slik at dei kan tryggje den retten dei har etter førre leddet.
Dei statlege styresmaktene skal setje i verk tiltak som gjennomfører desse grunnsetningane.