Han omsette Koranen til nynorsk

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Einar Seim (1885– 1978) var både politikar og målmann, men mest kjend som den mest sjølvlærde bonden i Noreg, skriv Firda.

LES OGSÅ: Forbode å nemna svin og pølser

Nynorsk-Koranen frå 1965 dukka nyleg opp i ei kasse på loftet til barnebarnet til Seim, fortel avisa.

– Einar var sjølvlærd og utruleg kunnskapsrik, og særskild opptatt av språk, seier journalist og forfattar Magnus Helge Torvanger, som no jobbar med ein biografi om Seim.

Seim var dessutan genuint interessert i andre religionar. Arabist, forfattar og islam-forskar Nora Sunniva Eggen ved Universitetet i Oslo fortel til Firda at Seim truleg er den einaste som har omsett heile Koranen til nynorsk. Det er familien til Seim som har bøkene med omsetjinga, og som bestemmer kva som skal skje med dei.

LES OGSÅ: Fleire nordmenn konverterer til islam