Du kan trygt sjå YouTube-kattar på jobb. Forskarar har funne ut at dei populære videoane gjev energi og positive kjensler, som kjem godt med i arbeidet.

mm

Berre i fjor vart det lasta opp over to millionar kattevideoar på nett. Med 26 milliardar visningar kan ein trygt seie at kattevideoar er noko mange av oss set pris på – gjerne i arbeidstida.

LES OGSÅ: Virtuell natur gjer oss godt

Positive katteinnputt
Dette er ingen uting ifølgje forskarane frå Indiana University, som har spurt nesten 7000 personar om deira kattevideovanar og kva effekt kattane hadde på dei.

Personane fortalde at dei kjente seg meir energiske og positive etter å ha sett kattar på nett. Dei hadde òg færre negative kjensler som angst, irritasjon og var mindre triste etter å ha fått ein skjermdose kattar.

– Sjølv om dei såg kattevideoar på Youtube for å prokastinera eller medan dei eigentleg skulle ha jobba, så kan det faktisk løna seg emosjonelt fordi det hjelper folk å ta fatt på tøffe oppgåver etterpå, seier Jessica Gall Myrick i ei pressemelding frå Indiana University Media School, og legg til:

– Kattevideoar er ein av dei mest populære aktivitetane på Internett i dag. Om me vil forstå effektane Internett kan ha på oss som individ og på samfunnet, kan ikkje forskarane ignorere Internett-kattar lenger.

Myrick meiner òg at kattevideoar kan ha potensiale ein enkel form for kjæledyrterapi.

Denne kattekollasjen er sett nesten 17,5 millionar gonger:

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.02

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE